Per sine høner

Frå eigedomsprosjekt i hundremillionarsklassen til ein geitefjos på 28 kvadrat. Han har klekt ut mange planar, Per Berge. Og han er klar som eit egg for endå 30 år med tomte- og distriktsutvikling. Dessutan har han ei høne å plukka med sentraliseringskåte styresmakter.

      

Framsynt, bygdeoriginal, menneskekjennar og pragmatikar er karakteristikkar som går igjen om Per Berge frå folk som kjenner han. Så må me ikkje gløyma dyreven då. Sussex-høner og boergeiter blir godt fulgt opp av Per under overoppsyn av kona Randi. Foto: Meister Fotografi

Står også på trykk i Tempo, nr. 1, 2017

Han kan ikkje skuldast for å vera stillaus. Men stilen er hans heilt eigen, og han dyrkar den til fulle. 

Det blir mumla noko om apekattar og austlendingar, "mehe", som ikkje skjønar vestlandsdialekt, i det han skjenker kaffi ved kjøkenbordet. Skjortesnippane heng særs avslappa på brystkassen. Knappane er knepte litt sånn etter kva knappehol som høver seg. Den eine skjortekanten dinglar bedageleg utanfor bukselinninga, og den andre kanten er på veg utover sine breidder den også. 

Kleskode og etikette er ikkje så hytt. Verken når det gjeld tøy eller munntøy. Men det har på ingen måte stansa han i å bli ein av dei mest erfarne eigedomsutviklarane i distriktet. Tvert i mot. 

Det er Per Berge sin x-faktor, det. 

- Eg skil meg kanskje litt ut, ja. Eg har jo ikkje fått «håve å hengja slips på». Bryr meg lite om kva alle andre gjer og tenkjer, og er nå berre meg sjølv. Men eg har opplevd å få litt meir tillit når eg kjem som eg er. Det er måten å møta folk på, og kunnskapen ein har, som tel. 

Og kunnskapen kan ingen ta han på. Han har vore pådrivar i utviklinga av meir enn 3000 hus, hytter og tomter, og vore ein nøkkelperson i eit av dei mest ekspansive byggefirma på Haugalandet. 

Med barbeinte føter i heilårssandalar tuslar han med kaffikanna over kjøkkengolvet. Dei barbeinte føtene er visst heilårs dei også. Frå kjøkkenbordet har han utsikt rett heim til familiebedrifta Berge Sag, der han er femte generasjon i leiinga. 

- Om eg fer oppover eller må ta kjellartrappa når eg døyr, veit eg ikkje. Men eg veit at når eg først drar, så blir det frå Ølensvåg, seier han.

Punktum. 

Frå kjøkkenvindauge kikkar han ned på det som kan bli hans neste bustad. Berge har planane klar for leilighetsbygg i den gamle «møllo» i Ølensvåg. Men eigedomsutvikling er ikkje berre butikk for Berge. Tomter er også distriktsutvikling. 

- Me må jo passa på at det er fleire andre enn oss innfødde indianarar som vil bu her i framtida. Eg har stor tru på distrikta framover, men det kjem ikkje av seg sjølv. Me er nøydde til å jobba mot sentraliseringa. Næringslivet her er positive til å arbeida lokalt. Har me ikkje idealismen og viljen til å bruka pengar her, vil det ikkje gå, meiner Berge, som sit i styra for både Etne og Vindafjord tomteselskap. 

Det er få som har drukke så mykje whisky og ete så mykje Marie-kjeks på fjellet som meg

- Eg høyrer jo ofte kor heldig me er i Ølensvåg, med alle arbeidsplassar me har her. Men kjøss meg… Me må jammen meg kjempa den same harde kampen mot sentralisering her også. Eg er optimist, men samstundes realist, poengterer han. 

For det går på ingen måte av seg sjølv. Det er både Per og fire Berge-generasjonar før han eit godt døme på. 

Han hadde sin første arbeidsdag på Berge Sag som 12-åring i 1973. Etter skulegong i Ølen gjekk turen vidare til Kvitsund gymnas, ingeniørskule i Stavanger, økonomistudie i Kongsberg og maknadsføringsstudier i Oslo. Han er ikkje så oppteken av titlar, men har sjølv fleire: Husbyggingsingeniør, bedriftsøkonom og marknadsdiplomøkonom. 

- Eg var heime kvar einaste helg i studietida. Då eg gjekk på Kvitsund hadde eg ikkje lappen, men haika med trailerar over Haukeli ein gong i månaden, så veit kva det er å frysa på tærne. 

Han bles i tanken på å bu andre stader enn i Ølensvåg. Frå heimen, berre nokre meter unna barndomsheimen, har han utsikt rett over fjorden til endå ein heim, familiebedrifta Berge Sag. Me må forresten ikkje seia til nokon at han røykjer. - Kona  skal ikkje vita det, påpeikar han, i det han stumpar siggen i ein allereie fullt askebeger rett utanfor inngongdøra. Foto: Meister Fotografi

Med unntak av et par år som lastebilsjåfør har familiebedrifta vore einaste arbeidsstad. 

- Eg starta som husseljar i Berge Sag i 1983 og dreiv på med allslags styr og ståk. Så blei eg litt sånn halvsjef utover 90-talet. Men eg passa jo på ingen måte til å driva med personalpolitikk, HMS, AMU og sånn… Det er jo viktig, men det ligg ikkje for meg. Eg må ha noko meir konkret å halda på med. Noko som gir framdrift. Nå er eg litt potet, og med «adle veier». 

Han har vore med på både oppturar og nedturar i familiebedrifta. Mest oppturar. 

- Starten på 90-talet var knalltøff. Me måtte sjå oss om etter andre marknadar og leverte til Bergen, Oslo og Tyskland. Der nede blei me forresten lurte for nokre millionar, det var såkalla «dyr vaksenopplæring». Me var nok litt blåaugde, men lærte av det også. Utover 2000-talet var det det noko heilt anna. Mellom 2003 og 2008 var det litt som på legekontora, sånn «værsegod neste» til kundar som sat og venta utanfor kontoret. 

2016 blei nok eit rekordår for Berge Sag, med ca 350 millionar i omsetning, og eit resultat før skatt på omlag 73 millionar. 

- Dersom dette er dårlege tider, blir det eit helvete når dei blir gode. 

«Framsynt» er eit ord som går igjen i karakteristikkane frå dei som kjenner han. Han ser alltid moglegheiter, tenkjer alltid framover. Han får mykje av æra for at Berge Sag tidleg posisjonerte seg i bustad- og hyttemarknaden. Haugesund er blitt eit av dei viktigaste satsingsområda for Berge Sag. 

- Det har vore litt tilfeldig, men me har også tenkt mykje på framtidig infrastruktur og funne ut kor det har vore lurt å satsa. Dessutan har me tatt sjansen på ambisiøse prosjekt. Der me har satsa har det vore for stort, «uhandterleg» og langsiktig for andre. Somme av prosjekta har eg arbeidd med i over 25 år, fortel Berge. 

Fleire av eigendomsprosjekta har ein horisont fram til 2030-2050: Omlag 1200 bustader på Kolnes, 150-200 i Fedjedalen i Skåredalen , 500-700 på Skeiseid i Tysvær, og 200-300 på Gardhaug i Grinde. Blant anna. 

- Om eg nokon gong skal flytta herifrå skal te bli til ein kvit einebustad med blomar på taket, seier han. 56 år gammal bur han framleis berre nokre meter unna barndomsheimen i Ølensvåg. Og frå Ølensvåg flyttar han aldri. Foto: Meister Fotografi


Nøkkelen til suksessen: tolmod, mot, ryddigheit og eit godt forhold til folk. «Menneskekjennar» er også eit stikkord som går att om Berge. Han likar å blir kompis med nye kjenningar, og det har blitt mange kompisar blant grunneigarar på fjellet gjennom åra. 

- Det er få som har drukke så mykje whisky og ete så mykje Marie-kjeks på fjellet som meg, fortel han med ein lunt smil. 

Allereie på 90-talet ruga han fram planane om hyttetomter og utbygging på Seljestad og Vågslid. 

- Me hadde tru på hyttemarknaden, og kjøpte oss opp på Solfonn og Seljestad på byrjinga av 2000-talet. Men me stanga i veggen, fekk ikkje seld ei einaste tomt og var på nippet til å selja oss ut. Så kom 2004, og alt lausna. Det tok heilt av. Det er tålmod som skal til, fortel Berge. 

Sidan starten av 90-talet er det seld om lag 400 Berge Sag-tomter og -hytter, berre på Vågslid. 

Kven i alle dagar ville byggja i den motbakken der? Dett ein på ræva i Håradalen, stansar ein jo ikkje før ein er i Røldalsvatnet. Slik tenkte eg då, men tok skammeleg feil.

56 år gammal planlegg han å vera i arbeid i minst 30 år til. Målet er uansett å gå jobb endå lengre enn faren Martin, som 82 år gammal framleis stiller på jobb på Berge Sag kvar dag. Per har enno mange vyer å realisera. 

- Nå ser me på utviklinga av hyttefelt på Bokn, med tanke på Stavanger-marknaden når Rogfast kjem. Her er det stort potensiale med tanke på hytter ved sjøen. I tillegg vil me utvida bustadsatsinga vår til Kopervik og Åkra, fortel Berge. 

Og hyttesalet vil heller ikkje stansa ved Vågslid. Nå står Grenland for tur. 

- Me får ikkje grenlandsfolk til å reisa på hytta til Vågslid, veit du. I fjor kjøpte me opp to byggjevareforretningar på Edland og i Åmot. Husmarknaden der er heilt daud, men det er ein enorm marknad for hyttebygging og rehabilitering. Derifrå vil me posisjonera oss vidare mot Rauland og Hovden. Det er der grenlendingane vil, seier Berge. 

- Har du nokon gong satsa på noko du ikkje har fått til, Per Berge? 

- Eg slo ikkje til i Røldal då eg hadde sjansen. Eg fekk tilbodet først av alle til å bli med på utbygginga i Håradalen. Men eg hadde ikkje trua på det. Kven i alle dagar ville byggja i den motbakken der? Dett ein på ræva i Håradalen, stansar ein jo ikkje før ein er i Røldalsvatnet. Slik tenkte eg då, men tok skammeleg feil. 

Han dveler ikkje så mykje med det som ikkje har gått bra. Det er einaste ein ting han framleis irriterer seg over: Kommunesamanslåinga mellom Etne og Vindafjord som det ikkje blei noko av. 

- Det var tragiske greier. Men eg bør kanskje ikkje seia noko, for eg gløymde visst å stemma.

- Dyr er mentalt helseførebyggjande, understrekar Berge. Utanom fjellturar og fiske er det dyra som gir mest rekreasjon. Han er tydeleg populær hjå  Boergeitene Bodil, Berit og Blondie, alle tre sprekkeferdige. Snart blir det kjeing på tunet hjå Per.  Foto: Meister Fotografi

I språkbruken kan Berge kallast dels retorikar av rang, dels laus kanon. For også der køyrer han sin heilt særeigne stil. Treffsikre kommentarar blir skotne til alle kantar, alltid med ein godmodig tone. 

Somme meiner han til tider kan bli i overkant framsynt. Han byrja framforhandlinga litt i tidlegaste laget med ein sambygding nokre år tilbake: «Du, det dere huse ditt…. Når du daua, vil eg kjøpa det.» 

Men tilbake til den berømmelege klesstilen. 

Berge Sag-kjeledressen er blitt eit stadig hyppigare brukt plagg. I tillegg til klogger. Det må til når han skal ta seg av gardsbruket; fire Sussex-høner og Boergeitene Bodil, Blondie og Berit. 

- Me hadde ein bukk også, men den blei så tosjen at eg skaut han. I tillegg har eg ein transitt, ei høne som er blitt hane. Fekk kam og greier, ler Berge. 

Han tuslar ut til nybygget sitt, med capsen litt på snei, og vidopen kjeledress. Den eine skjortekanten heng utanfor. 

- Eg bygde fjosen i fjor. Søkte om tilskot også, men bygget var visst for lite. 28 kvadrat, flirer han. 

Tonen og ordlyden frå både Bodil og Per blir straks mjukare når han tar plass midt mellom tre sprekkeferdige geiter. Det blir kjeing neste veke. Det er eigentleg kona Randi som er sjefsbonden på tunet. Berge gjer som ganske greitt det han får beskjed om. 

- Men eg har uansett alltid vore glad i dyr. Dyr er mentalt helseførebyggjande, konstanterer han mens han matar damene med oppskårne poteter. 

Boer-trioen har fått potetdosen for dagen og både transitten og hønene får litt snakk. Kjeledressen må snart av, han har eit møte å rekka i byn. 

- Me har fleire nye planar på gang som eg jobbar med der ute. Så får me sjå korleis det går. Får vel sei så han sa, reven, då han blei flådd: alt er ein overgang.

Bodil, Berit og Blondie er på fallande føter når Tempo er på besøk. Veka etterpå tikkar det inn ein epost til redaksjonen: "I går blei eg far igjen, 21 år sidan sist. Berit fikk to flotte kje." Foto: Meister Fotografi


Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden