Opna butikk der alle kan selje

På torsdag opna Brukthjørna på Ølen senter. Butikken lar deg selje og tene pengar på dine skattar i skapet, som kanskje ikkje passar lenger eller du berre ikkje brukar.

Lena Strømstad er dagleg leiar for Brukthjørna. Ho var fornøgd med opningsdagen.

Konseptet til butikken er enkelt. Du kan selje klede, sko, og liknande, som du har vokse utav eller ikkje brukar lenger. Brukthjørna tek seg av sal, som betaling tar dei ein viss prosentdel av salet.  I tillegg leigar du plass i butikken til det du ynskjer å selje. 

Fornøgd med opninga

 Dagleg leiar i den nyopna butikken, Lena Strømstad, seier opningsdagen gjekk bra føre seg.

 — Folk er kjempenysgjerrige. Masse folk var her for å  henge opp klede, og mange var her og handla. Eigentleg så kunne det ikkje ha vore betre, seier Strømstad.

 Ho er også dagleg leiar for Mekk Ølen, og blir å sjå litt fram og tilbake mellom butikkane. 

Ønska meir liv

 Bakgrunnen for prosjektet er at Strømstad ønska meir liv på senteret. 

 — Eg tok kontakt med Andreas Hustveit. Me fant ut at ein brukt-butikk hadde vore litt kult å få til her. Så var me i kontakt med andre som har vore borti det same konseptet, og då fekk me god rådgjeving om korleis me gjekk fram for å setje det opp.

 Brukthjørna er eigd av Ølen Landhandel AS, som igjen er eigd av Ølen Eiendom AS. Strømstad drar fram at det har vore stor dugnadsvilje blant mange for å gå frå idé til ein no nyopna butikk..

 —Det er sjølvsagt kjekt at det er tilgjengeleg hyller til alle som vil selje. Men det er og veldig kjekt at det blir fullt. Planen vidare er å vidareutvikle det me har, seier Strømstad.


Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden