Hopp til innhald

Nytt juss-samarbeid

Eurojuris er ny samarbeidspartner i Medvind24-nettverket. Det betyr at bedriftene kan få tilgang til juridisk kompetanse lokalt i Etne og Vindafjord. 

Eurojuris Haugesund og advokat Ove Kahrs Wangensteen er ny samarbeidspartner hjå Kari Aakra og Medvind24 Næringshage. (Foto: Annika Ørnes Mæhle).

Kurs i generasjonsskifte

  • Kva må ein tenkje på når ein står framfor eit generasjonsskifte i bedrifta? 
  • Medvind24 Næringshage og VAF inviterer til kurs. Samarbeidspartnar Eurojuris Haugesund er kurshaldar. 
  • Meld deg på kurset her! 

Ove Kahrs Wangensteen er advokat i Eurojuris Haugesund og bur sjølv i Etne. Sidan 2019 har Eurojuris hatt satellittkontor i Medvind24 sine kontor i Etne der etnebuen har fast kontor to dagar i veka. Wangensteen meiner det er viktig at det er juridisk kompetanse ute i distrikta. 

– For oss er det viktig å kunne tilby juridiske tenester med høy kvalitet lokalt, og eg trur den gode lokale kunnskapen me har også er viktig, seier han.  

Brei kompetanse 

Via samarbeidet vil Eurojuris bidra med kurs og rådgjevingstenester til bedriftene som er tilknytt næringshagen. 

– Dei kan sjølvsagt ta kontakt via næringshagen eller med oss direkte. Me har eit nettverk i selskapet som sikrar kompetanse innan dei fleste felt. Er det juridiske spørsmål eg ikkje kan svare på der og då er det kort veg til andre som har rett kompetanse. 

– No er me og inne i krisetider der det kan vere lurt å sitje framme i stolen, også når det gjeld jussen. Det er godt å i alle fall ha orden på desse spørsmåla når det er tøffe tider i bedrifta, seier advokaten som meiner høgare kostnadar og ein tøff inflasjon kan bli vanskeleg for mange bedrifter framover vinteren. 

Samarbeider med Medvind24

Medvind24 Næringshage har frå før Sparebank 1 SR-Bank og Tveit Regnskap som sine samarbeidspartnarar. No styrkar dei seg også innan juridisk rådgjeving. 

– Me ser at det har vore eit behov for å knyte til oss kontaktar med juridisk spisskompetanse, noko bedriftene ofte etterlyser, fortel dagleg leiar i Medvind24 Næringshage, Kari Aakra. 

– Det kan vere mange område der ein har juridiske spørsmål, det kan handle om kontraktar,  nye lovar og reglar eller til dømes om generasjonsskifte i bedriftene, som me og no skal ha kurs i, fortel Aakra.  

Relasjonar og juss

Wangensteen meiner generasjonsskiftet og handlar om meir enn rein juss. 

– Ein ting er det reint juridiske, som me sjølvsagt kan hjelpe til med. Men i dette arbeidet samarbeider me også med ein relasjonsterapeut. Alle som har vore ute for ein arvediskusjon veit at ting kan gå gale dersom folk ikkje snakkar saman på ein god måte. Ein skal ha eit godt familieliv etterpå arveoppgjeret , difor trur me at det er viktig at me tar høgde for meir enn reine juss-spørsmål her, slår han fast. 

Advokatfirmaet Eurojuris Haugesund AS blei etablert i 2010 og har i dag kontor i Haugesund, Etne og Åkra. Selskapet er også ein del av nettverket Eurojuris Norge. 

Ledige stillingar

Christiansen Bakeri er på jakt etter daglig leder
Frist: 04. des

Folk i vinden

Tips oss

Folk i vinden

Har de ein ny kollega på laget? Send oss ein e-post så legg me det ut på Folk i vinden!

Send tips

Har du ei god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss.

Send tips