Nye koronamidler i Etne


Koronamidlane skal kompensere lokale verksemder sine kostnadar eller tap som følgje av smitteverntiltak eller nedstenging. Målgruppa er lokale små-og mellomstore verksemder med forretningsadresse i Etne kommune .

Her kan du søkje: 

   

Målet med ordninga er å setje kommunen raskt i stand til å hjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Ordninga skal og hjelpa dei verksemdene som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane. 

På eigne nettsider legg også kommunen vekt på at dei har stor fridom til å tilpasse kva slags verksemd dei kan støtte avhengig av den lokale situasjonen. Søknaden må dokumentere tap som følgje av smitterverntiltak og nedstenging. Søknadsfristen er 21 januar, og formannskapet i Etne kommune handsamar søknadane 8.februar. 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden