– Omega 365 Design skal fortsetja å levera kvalitet innføre dei fem fagfelta våre; nettside, profileringsprodukt, kommunikasjon, film og design. Me vil vera det føretrekte og beste valet for små, mellomstore og store aktørar på Haugalandet og i Ryfylke.
Det seier Maria Djuve Vågen (32) i ei pressemelding frå design- og kommunikasjonsbyrået Omega 365 Design. Denne veka tar ho over roret som dagleg leiar for selskapet. Vågen, som er utdanna frå universitetet i Calgary, kjem frå Ølen og har ti års erfaring frå selskapet. I Omega 365 Design har ho gått frå sommarjobb på kommunikasjonsavdelinga, til prosjektleiar, teamleiar og nå dagleg leiar.
Omega 365 Design AS
- Design- og kommunikasjonsbyrå som leverer tenester innan rådgjeving, innhaldsproduksjon, PR og kommunikasjon, film, foto, grafisk design, marknadsføringsprodukt og nettsider
- I tillegg til hovudkontoret i Ølensvåg, har selskapet avdelingskontor i Haugesund, Sauda, på Sand og i Bergen
- Etablert som Norsk Plan i 1999, nå del av Omega 365-konsernet
- Leverer kommunikasjonstenester til både Omega 365-konsernet og kundar over heile Haugalandet, i Ryfylke og nasjonalt.
– Godt rusta
Vågen er nøgd med å jobba med eit mangfaldig lag i Omega 365 Design, ifølgje pressemeldinga.
– Me har eit dyktig og engasjert team med utruleg kompetente folk som brenn for at kundane skal nå sine mål. Nokon har jobba her i mange år, andre har kome rett frå studiar. Saman er me godt rusta for å levera kvalitet framover, seier ho i pressemeldinga.
I tillegg til rolla som dagleg leiar, vil Vågen leia avdelinga som leverer kommunikasjonstenester til det globale Omega 365-konsernet, som har hovudkontor i Ølensvåg. I fjor hadde konsernet ei rekord-omsetning på 4 milliardar kroner.
– Me er så heldige å få jobba med heilt ulike kundar, frå kommunar til større bedrifter og enkeltpersonføretak i ulike bransjar. Omega 365 er den største kunden vår, og samarbeidet med dei er utruleg viktig. Gjennom leveransane våre har me fått bidra til å profilera og støtta eit konsern i enorm vekst, seier Vågen.
Posisjonering regionalt og nasjonalt
Omega 365 Design har vore 26 år i kommunikasjonsbransjen, og hadde tidlegare hovudkontor på Sand. I 2015 blei byrået kjøpt opp av Omega 365-konsernet, og fekk etter kvart namnet Omega 365 Design. Utanom Omega 365-avdelinga, får selskapet to regionale avdelingar for Haugalandet og Ryfylke, ifølgje pressemeldinga.
– Å organisera oss på denne måten gjer at me styrkar oss regionalt og kan posisjonera oss ytterlegare. Me har òg alltid samarbeidd med nasjonale kundar, seier Vågen i pressemeldinga.
– Det gjer at me både står sterkt saman med konsernet og er tilgjengelege for alle typar aktørar som vil bli meir synlege, legg ho til.
– Leitar etter løysingar
Avtroppande dagleg leiar Astrid Eidhammer Hjelmeland, går over i rolla som avdelingsleiar for Haugalandet. Med nesten 20 års erfaring frå selskapet, ser Hjelmeland fram til endå tettare prosjekt- og kundeoppfølging med både nåverande og nye kundar. Nå er Hjelmeland svært nøgd med etterfølgjaren Maria Djuve Vågen.
– I tillegg til stor fagleg tyngde, er Maria ein samlande person som alltid leitar etter løysingar. Derfor var det naturleg for meg å peika på henne. Maria er svært ambisiøs på vegne av teamet, så eg er trygg på at ho vil ta selskapet vidare på ein god måte, seier Hjelmeland, ifølgje pressemeldinga.
Endå tettare på i regionen
Judith Sørhus Litlehamar, som blir avdelingsleiar for Ryfylke, ser fram til å komma endå tettare på kundane både i Sauda og Suldal, samt lenger sør i regionen.
– Me brenn for at lokalt næringsliv og andre aktørar skal kunna veksa og utvikla seg. Sidan starten har me fått jobba tett med store og mindre aktørar i alt frå reiseliv til tung industri. Nå har me vore her i 26 år – og mange kjenner oss, men slett ikkje alle, sjølv om det var her i Suldal det starta, seier ho i pressemeldinga.
– Omega 365 Design leverer alle typar kommunikasjonstenester, med alt frå marknadsføring til strategisk rådgjeving. Det gjer oss unike her i Ryfylke, seier Litlehamar.
Det nye leiarteamet i design- og kommunikasjonsbyrået Omega 365 Design består av avdelingsleiar for Ryfylke, Judith Sørhus Litlehamar, dagleg leiar Maria Djuve Vågen (i midten) og avdelingsleiar for Haugalandet, Astrid Eidhammer Hjelmeland. Foto: Omega 365 Design
Nøgd med leiar-trio
Petter Aalvik, konsernsjef i Omega 365 og styreleiar i Omega 365 Design, seier i pressemeldinga at han er svært nøgd med å ha fått på plass leiar-trioen med Vågen som dagleg leiar, og Hjelmeland og Litlehamar som avdelingsleiarar.
– På nyåret fortalte Astrid at ho ønskte å trø ut av dagleg leiar-rolla og ha meir fokus på prosjekt- og kundeoppfølging. Astrid har styrt skuta i åtte år med stor omtanke for tilsette, kundar og verksemda. Ho har satsa på nye fagområde og leia selskapet gjennom kraftig vekst, der omsetninga er tredobla og talet på tilsette har auka til vel 20, seier Aalvik, ifølgje pressemeldinga.
– Ambisiøs og resultatorientert
– Maria var favoritt hjå både Astrid og styret. Sidan ho byrja i selskapet i 2015, har Maria hatt ulike roller der ho både har levert på høgt fagleg nivå, og vist gode leiar-eigenskapar som passar selskapet svært godt, seier styreleiaren, ifølgje pressemeldinga.
– Den nye daglege leiaren vår er ambisiøs og resultatorientert, og har djup forståing for kunden sine behov. Kombinert med lang fartstid i Omega 365 Design og omfattande kjennskap til selskapet, ser eg fram til å følgja Maria vidare som dagleg leiar, legg Aalvik til.
Styreleiaren nyttar høvet til å takka avtroppande dagleg leiar Astrid Eidhammer Hjelmeland for innsatsen ho har lagt ned i å utvikla selskapet.