Bedrifter i Medvind

Mekanikar med framtidstru

Fredrik Samland (32) veit mykje om kva som krevst for å starte si eiga bedrift. I dag er Samland Maskinservice eit velsmurt maskineri.

Fredrik Samland angrar ikkje på at han valde å starte for seg sjølv. I dag har han fire tilsette og eit godt kundegrunnlag i regionen. (Foto: Kristian Risanger)

– Eg fekk lyst til å prøve å starte noko sjølv. Du er jo nervøs når du riv deg vekk frå ein god og fast jobb, men eg tenkte det var greitt å prøve medan eg var ung, fortel etnebuen Fredrik Samland som i 2018 hoppa i det med begge beina og starta sin eigen mekaniske verkstad. På denne tida var han tilsett ved Eik-senteret i Tysvær, der han var utegåande mekanikar og langt på veg styrte sine eigne dagar.

Bedrifter i Medvind:
Samland Maskinservice

  • Mekanisk Verkstad som held til i Ølen og er samlokalisert med Norsk Maskinformidling
  • Bedrifta har fem tilsette, og dagleg leiar Fredrik Samland er oppteken av å ruste bedrifta for ei grønare framtid.
  • Samland Maskinservice er målbedrift i Medvind24 Næringshage. Les meir om målbedrifter her!

Må ha flinke folk

Oppstarten av Samland Maskinservice vart hektisk, Samland kom i kontakt med Norsk Maskinformidling i Ølen som skulle vise seg å bli ein viktig samarbeidspartnar og kunde, i dag er dei to bedriftene etablert vegg i vegg. «Det balla fort på seg med jobb», seier han og mimrar nokre år tilbake. 

– No har me base og verkstad i lag her i Ølen, me går over det meste av maskiner som dei får inn og skal selje vidare. Det er eit viktig grunnlag for oss, seier han.

Bedrifta har fem tilsette. Ingrid Nilsen Sørli tar seg av administrative oppgåver, medan Thomas Lien, Even Stensrud og Ivar Samland Tendal skrur på verkstaden saman med sjefen sjølv. Målet er ikkje å bli størst mogleg, eller å kunne ta flest jobbar, målet er å bli best mogleg. 

– Og då må eg ha flinke folk, desse som er her har eg headhunta. Eg må vite at dette er folk som kan faget sitt, og som er sjølvgåande. 

Hjå Samland Maskinservice skrur dei på det meste, men det blir mykje traktorar, landbruksmaskiner, liftar, anleggsmaskiner og lastebilar. På vinteren er det brøyteutstyr som står for tur, når snøen kjem må køyretøya vere klare for vegen.

Fredrik Samland angrar ikkje på at han valde å starte for seg sjølv. I dag har han fire tilsette og eit godt kundegrunnlag i regionen.  (Foto: Kristian Risanger)

Er på heile tida

– Motor er motor, og girkasse er girkasse. Kvart merke har sine eigne styringssystem, men mykje er likt, fortel Samland. Dermed er det ikkje slik at bedrifta i Ølen berre tar inn ein type traktormerke, her er mekanikarane allsidige. 

Motor er motor, meiner Fredrik Samland. Hjå Samland Maskinservice skrur dei på alle merker traktor. Her er det mekanikar Thomas Lien som prøvekøyrer. (Foto: Kristian Risanger)

– Me kan ryke på det meste ja, og eg trur det er ein stor fordel. Me står fritt, og dermed slepp me å låse oss til ein importør. Mange har brent seg på det før: dei bitt seg opp til ein importør, så legg kanskje importøren andre planar og så står du igjen åleine.

Mekanikarane hjå Samland Maskinservice reiser gjerne ut til bonden når traktoren står eller maskinene trøblar. Dei veit godt at timane er dyrebare når vårvinna eller slåtten står for tur og noko går sundt. 

– Me er på heile tida, om det er kveld eller helg. Bonden treng hjelp uansett, det hender vel at eg ikkje tar telefonen, men eg ringer alltid opp att. Eg likar at me er så små at det er enkelt å nå oss, og at kunden kan ha direkte kontakt med dei som skruar, og ikkje berre meg som dagleg leiar.

Fredrik Samland er oppteken av å vere tett på kundane, hjå han får kunden ofte snakke direkte med mekanikaren som gjer jobben. (Foto: Kristian Risanger)

Tøff oppstart

Samland har gjort seg mange erfaringar sidan 2018, somme tider har arbeidsmengda blitt for stor og tida for liten. 

– Det er godt å vere optimist når ein skal drive med dette, eg har ikkje angra, men det krev jammen meg mykje å starte opp. Eg trur ein må roe seg med at ein ikkje kan lære seg alt, spesielt innan rekneskap og administrasjon, la folk som kan det ta seg av det, så kan me heller skru. 

Etter kvart som han tilsette folk og arbeidsmengda auka, vart også presset og alvoret større. 

– Hadde det berre vore meg på jobb hadde det ikkje vore så farleg, eg kunne ha takka nei til jobbar når det blei for mykje og hatt det litt friare. Men ein vil jo hjelpe kundane når dei ringer, og det er naturleg at me veks og blir fleire. 

Året etter oppstarten, i 2019, jobba Fredrik så mange timar at det kunne gå tre-fire dagar utan søvn. Energien var ikkje den han var vane med, og han følte seg aldri utkvilt. Han kjente på at han nærma seg ei grense, og fekk beskjed frå folk rundt seg om å roe ned, denne arbeidsmengda kunne ikkje vare i lengda. 

– Eg forstod det og tok tak, eg trur eg vel litt annleis no. Skulle eg gjort det opp igjen skulle eg tatt meir fri, men der og då ser du ikkje alvoret. 

– Men for all del, alt sett under eitt har det vore nokre kjekke år, seier han. 

Hjå Samland Maskinservice er dei ikkje opptekne av å bli størst mogleg, men best mogleg. Her er mekanikar Even Stensrud i prat med sjefen Fredrik Samland. (Foto: Kristian Risanger)

Medmenneske og mekanikar

Det er først og fremst mekanikar Fredrik er. Han trivst aller best ute hjå kundane, og veit at han kjem tett på folk. Spesielt når han reiser rundt på gardane er det mange som ventar på at han kjem, og som vil spandere middag og kaffi. For nokre er praten vel så viktig som at ein får traktoren til å svive igjen.

– Eg likar å kome til ulike plassar og møte folk. Du merkar jo at ikkje alle ser folk kvar dag, somme gonger føler eg meg litt som ein kamerat i tillegg til mekanikar. Eg får litt vondt når dei byr meg på mat og eg må takke nei, klokka tikkar og eg må vidare.

Bedrifta har eit stort nedslagsfelt, frå Kvinnherad og Hardanger til Vindafjord, Etne og resten av Haugalandet. Sjølv kjem han også frå gard i Stordalen i Etne, og gleda over å skru på maskiner har han alltid hatt med seg.

– Eg lærte tidleg å sjå arbeidet, og hjelpe til der det var behov for det. Eg merkar at eg og ser etter god arbeidsmoral når eg tilset folk, ein må ikkje stå og vente på neste oppgåve, ein må tak i det sjølv.

No ser Samland Maskinservice framover, Fredrik Samland legg vekt på at det er viktig å henge med i den grøne og berekraftige utviklinga i bransjen. Fredrik Samland angrar ikkje på at han valde å starte for seg sjølv. I dag har han fire tilsette og eit godt kundegrunnlag i regionen. (Foto: Kristian Risanger)

Rustar seg for grønt skifte

Fredrik trur mekanikaryrket treng eit løft, for å sikre at fleire ungdommar ynskjer å gå i lære, og få fagbrev.

– Det er mange som kjenner til bilmekanikarfaget, men faget som landbruksmekanikar er det ikkje så mykje snakk om. Dette er eit veldig allsidig yrke, der ein må kunne litt om mykje, blant anna elektronikk, hydraulikk, luftsystem og sveising for å nemne noko.

Hjå Samland Maskinservice er dei opptekne av å få med seg kva som skjer fagleg, ikkje minst med tanke på det grøne skiftet og elektrifisering i bransjen.

–  Her må me fylgje med i tida, slik at me ikkje kjem i siste rekke når elektrifiseringa utviklar seg. Me ser det startar både på gravemaskiner og traktorar, men det er framleis ein jobb å gjere med å sikre god rekkevidde og driftstid.

Kva er det som motiverer deg til å gå på jobb?

– Det er å skape noko, og kunne hjelpe folk med problem. Det er ekstra kjekt når det stoppar opp og det verkar litt umogleg. Då kan eg gjerne ligge vaken på natta og tenkje på løysingar som eg kan teste ut dagen etterpå. Det er fantastisk når ein plutseleg får det til då.

– Har du nokon gong gitt deg?

– Aldri!

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden