– Me håpar på fleire svar

På Vindafjord kommune sine nettstadar, kan innbyggjarane no delta i ei brukarundersøking. Undersøkinga skal skapa eit bilete av korleis innbyggarane sitt forhold til kommunen er.

– Overordna mål for oss som kommune, er å vera ein omstillingsdyktig og serviceinnstilt kommune til det beste for våre innbyggarar. Det håpar me at denne undersøkinga og revisjonen som heilheit kan vera til god hjelp med, forklarar Kommunalsjef for personal og organisasjon i Vindafjord kommune, Kristin Marie Dahle.

– Undersøkinga er ein del av eit revisjonsoppdrag, kor Rogaland Revisjon vurderer service og sakshandsaming i kommunen vår. Det er ein revisjon bestilt av kontrollutvalet, og vart i utgangspunktet kalla «Digitalisering og IKT». Dei vil blant anna vurdera korleis me i Vindafjord kommune handterer førespurnadar, med særleg fokus på ulike digitale førespurnadar. 

Kva meiner du om Vindafjord kommune?


Sjølve spørjeundersøkinga er revisjonsselskapet sitt initiativ, og den er utarbeidd i samråd med kommunen. Det er lagt til litt meir enn det som opphavleg var revisjonen sitt fokus, i og med at dei i utgangspunktet har særskilt fokus på visse einingar/tenester og service og sakshandsaming der. 

Alltid rom for forbetring

– Revisjonen vil utpå hausten levera ein rapport der dei gir sine vurderingar av oss på området. Me håpar å kunne bli enda betre på tenestene til innbyggarane våre, og at det kan vera noko å læra og bygga vidare på der. Det er alltid rom for forbetring! Me vil gjerne ha mange svar. Både me og revisjonen er dessutan obs på at det ikkje er alle våre innbyggarar som tykkjer det er enkelt å svara digitalt. Difor er det lagt opp til at ein kan få hjelp til å svara i papirformat, om ein ynskjer det. Sist me fekk statusoppdatering frå revisjonsselskapet, som var i slutten av juni, hadde me fått 30 svar, fortel Dahle.

Planen frå revisjonen er at brukarundersøkinga skal ligga tilgjengeleg på nettsidene til ut i august månad. Både kommunen og revisjonen vil nytta svarmaterialet til å finna ut av kor dei er gode og kor dei eventuelt har potensiale til å bli betre.

– Det er viktig for oss at folk får svar og kjenner seg tatt imot av kommunen på ein ryddig måte når dei kjem til oss, anten det er fysisk eller digitalt. Revisjonen kjem til å leggja fram ein rapport for kontrollutvalet. Kommunen vil ut frå den setja fokus på forbetringspunkt og jobba med det i praksis i organisasjonen. 

Dahle meiner det er viktig for både innbyggarane og kommunen at folk svarar.

– Alle svar gir oss og revisjonen eit grunnlag for å vurdera kor Vindafjord kommune er gode og kor me kan bli betre. Me vil gjerne høyra frå deg om du har tips til kva me kan bli betre på, men også om du er nøgd med korleis du har blitt møtt med førespurnadane dine hjå oss. Det kan me også læra av, og det er fint å få stadfesta det som er bra. Dess fleire svar me får, dess fleire nyansar vil me kunne sjå og det er nyttig for oss i arbeidet med å vera ein god kommune for innbyggarane våre. Innbyggarane våre er jo også ulike, og kan ha ulike ynske og behov. For oss er det nyttig om flest mogleg av desse kjem fram i undersøkinga.

– Me håpar på fleire svar, avsluttar Dahle.







Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden