Kven fortener prisen i år?

Har du gode forslag til kandidatar som fortener å bli kåra til "Årets bedrift" på Næringsgiv 2023? Send inn forslag til juryen!

Olav Granberg tok i mot prisen for årets bedrift som gjekk til Granberg AS i 2022. Foto: Økland Foto

11. mai 2023 samlar lokalt næringsliv seg  på Olalia til fag og feiring, og nokre bedrifter skal få ekstra heider. Prisen for Årets Bedrift går til aktuelle bedrifter som har skilt seg ut i 2022. 

Prisen skal vere ein inspirasjon til næringslivet og eit heidersteikn til verksemda som får han. Prisen skal i følgje vedtektene gå til ein næringsaktør som har utmerka seg positivt gjennom lokal verdiskaping og utvikling. Bedrifter som har fått prisen tidlegare er til dømes MCE, Hatteland, Fatland, Omega, Knapphus Gruppen og Granberg AS. 

I juryen sit Magne Christiansen frå Sparebank 1 SR-Bank, Maren Tungesvik Tveiten frå  Sparebanken Vest,  Lars Olav Larsen frå Haugesund Sparebank og Torstein Nymoen frå Grannar. 

Har du forslag til kandidatar? Send inn ditt forslag her!

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden