Salongpsykologane

For Marie Håheim (37) og Renate Selland Ramsvik (36) er det djupe kundeforholdet sjølve kronjuvelen. Nå ser Diamanten frisør tilbake på ti år med hår.

Det er noko med folk som kan alt. Dei som snakkar om drift, diamantar og sjølve livet i same setning. I Etne sentrum, akkurat der E134 svingar mot aust eller vest, sit to av dei i ein kvit, barokk skinnsalong. Der drøser søskenbarna, frisørane og bedriftseigarane Marie Håheim (37) og Renate Selland Ramsvik (36) om eit decennium i Diamanten frisør. 

Akkurat nå har frisørane nesten lik hårfarge, i varme, trendande bronsetonar. Den mørkeblå fargen på veggene ramar inn ei nøye planlagt ventesone. Dersom du ser nøye etter, forstår du kva Renate meiner når ho snakkar om siktlinjer og fargar. Dei har nemleg designa rommet i umerkelege soner som skapar kvilepuls i alle fasar av frisørbesøket. Ein ventande kunde skal ikkje pusta i nakken til nokon som sit på oppløpssida i farge og klipp. Bruresalongen har lyse tonar, herresalongen går i brunt, hårvask og farging av bryn føregår i eit eige avlukke. 

– Du må stoppa oss viss me snakkar for mykje om andre ting! Seier Marie. 


Diamanten frisør

  • Frisørsalong i Etne sentrum
  • Eigarar og dagleg leiarar er frisørane Marie Håheim (37) og Renate Selland Ramsvik (36)
  • Feirar 10 år i år

Men det viser seg at dei langsiktige kundeforholda frisørane fortel om, rommar veldig mange andre ting enn enkel stuss. Marie og Renate er så interiørbevisste fordi dei veit kva som skjer i frisørstolen. 

– Kva betyr hår, eigentleg? 

– Sjukt mykje, seier Renate. 

– Det er identitet, supplerer Marie. 

– Me tar borti veldig følsame ting. Det ser me om folk går gjennom ting. Om dei skal mista håret eller at dei har fått ein hårsjukdom, er stressa for noko, så er me den som tar på noko veldig personleg, held Marie fram. 

– Håret er det første det går utover når du går gjennom noko, seier Renate. 

Stress, vitaminmangel eller store, omveltande hendingar kan manifestera seg i håret. Me som ikkje har utsikt til eigen hårbotn, tenkjer kanskje ikkje på at frisørar ser sjølve livet oppi der. 

– Eg vil berre det beste for kunden, for du er ikkje berre ein kunde eg vil få ut igjen, repliserer Marie. 

Tanta til frisør Renate Selland Ramsvik (til høgre), Toril Gravelseter (i midten), var på prøvedagen rett før opninga hausten 2012. Ho har gått til niesa i ti år. Drøsen går i alt frå slektningar til jobbskifte – og ein god del lått. Foto: Hanna Maria van Zijp


Kommunikasjon med kunden er avgjerande, fordi verken Marie eller Renate er frisørar som «berre klipper». Duoen vil utvikla seg saman med, og få inspirasjon frå kunden. Dei store seidlane er ikkje like viktige. 

– Me har skapt vår eigen arbeidsplass, og det er me nøgde med. Det har aldri vore ein visjon å tena mykje pengar, men me må ha nok til å driva, til å pussa opp, til å ha hårshow, til å vera med i konkurransar, seier Marie. 

Då reiser dei for eksempel til frisør-NM i Oslo, eller på tur med leverandør. Som salong viser Diamanten igjen utover eigen region. Ingenting av dette er gratis, men naudsynt for ein duo som søkjer kontinuerleg utvikling. 

– Kva gjer dette dykk tilb...? 

– Masse inspirasjon! 

– ...ake? 

Masse inspirasjon! Kvar gong eg har vore med i NM, så har eg visst kva eg ska gjera neste gong, når eg sit på flyet heim. Då sit eg og teiknar! Seier Renate. 

Turane ut inspirerer til å ta med tilbake til salongen i Etne. 

– Kva er det dei inspirerer til? Kreativiteten? 

– Ja, men óg drift. Visjonar, hårshow, eg veit ikkje alt me tenkjer at det må me gjera til neste hårshow, seier Renate.

– Me må tenkja at me skal vera her om ti år. Heile vegen tenkja framover, seier Marie. 

Det er viktig. Diamantdamene har vore ute ei vinternatt før. Med kriser, kreft og korona, har frisørsalongen stått i meir enn dei fleste av oss gjer eit heilt liv. Renate seier ho har sleppt «billeg» unna kreftbehandlinga, med operasjonar som fjerna sjukdommen heilt. Men: 

– Hjernen er heilt borte vekk etterpå. Då heldt eg på med HMS-system himante, for då fornya me alt det. Men då blir det ekstra for Marie. Det er tøft for den som er igjen, seier Renate. 

Det å vera akkurat dei to, er avgjerande på dei mørke dagane. Tryggleiken i at kompanjongen verkeleg skjønar verdiane i Diamanten, er gull verdt. 

– Eg veit at Marie er der, trygg og stabil, seier Renate.

– Folk reagerte den gongen me skulle starta for oss sjølve, då me sa at me er i familie: Oooo, seier Marie.  

Alle kundane! Ler Renate. 

Var søskenbarna heilt sikre på kva dei gjekk inn i? Lukta ikkje dette vondt blod og kleine familiemiddagar? 

– Men då sa eg at eg har krangla nok med Renate. Eg veit kva ho står for, og eg veit at me utviklar oss ilag. Så då alt dette skjedde, trur eg kanskje det var det som redda oss; at me er i familie, at me veit såpass mykje om kva som skjer, seier Marie. 

Det at dei deler verdiar, trumfar alt. Arbeidsmoralen er sterk i slekta. 

– Korleis definerer de godt arbeid? 

– Du må stå på og jobba for pengane! Seier Renate.  

– Du kan ha vondt i viljen, men du går på jobb. Det kan gå over óg, seier Marie. 

– Du må prøva først, seier Renate. 


Kundeopplevinga står i høgsetet. Damene bak Diamanten frisør har designa salongen i Etne sentrum med ulike sonar for kvar fase i frisørbesøket, slik at alle behov er ivaretatt. – Me får lov til å gjera folk til dei beste versjonane av seg sjølve, seier frisør Marie Håheim. Foto: Hanna Maria van Zijp  


Men det finst grenser. Etter kreftsjukdommen var borte, kom koronaen. Det ga etterslep på kundar, med arbeid døgeret rundt. Dei jobbar hundre prosent med kundar, og alt det andre kjem utanom. Det er ikkje mykje rom for å glåpa uti lufta i løpet av dagen. At ein elles er feberfri, og nesten aldri blir sjuk, kan bli ein forbannelse. Det blir vanskelegare å henta seg inn.  

– Det var det som blei mitt problem til slutt, seier Marie. 

Ein dag var veggen der. Gleda ved jobben ho elska var borte. Det tok eit halvt år før ho var tilbake. 

– Av og til må ein berre heilt bort. Så måtte eg øva meg på å jobba bittelitt. Etter kvart skjønte folk at dette tar tid, seier Marie. 

Det er ei dyrekjøpt, men viktig erfaring som legg føringar for vidare drift. 

– Eg måtte laga nokre reglar for meg sjølv. Me kan jobba intenst kjempelenge, men så må me roa ned, seier Marie. 

– Det tok meg mange år å forstå. 


Frisørane og søskenbarna Marie Håheim og Renate Selland Ramsvik vil stadig bli betre på både teknikk og drift. – Eg veit kva ho står for, og eg veit at me utviklar oss ilag, seier Marie om kompanjongen. – Det er det som er frisøryrket. Me må heile vegen utvikla oss med nye teknikkar, nye fargar, nye trendar, seier Renate. Portrettfoto: Astrid Eidhammer Hjelmeland. Andre foto: Hanna Maria van Zijp


Diamanten har mange faste kundar. Kundane kan komma frå Stavanger, Odda, Bokn eller Skjold i eins ærend. Nokon har frisørane følgt sidan dei var små til dei flytta ut, og kom tilbake. Folk vil tilbake der låtten og godt hår-handverk regjerer. Frisørane kallar kundeforholdet eit lagspel, eit samarbeid over tid. 

Om morgonen går frisørane gjennom kundelista og lagar ein plan. 

– Det kan du gjera med faste kundar. Eg kan sitja på kurs og sjå føre meg kunden min. Om eg ser ei spesiell frisyre, det kan vera ein fin nakke, så tenkjer eg «den skal Kathrine få neste gong», seier Marie. 

– Korleis har de fått til så lange relasjonar? 

– Dei veit alt om oss også, ler Renate. 

– Me utleverer oss sjølve, utan at eg fortel alt om livet mitt, men eg er ikkje redd for når kundane mine seier til meg at «det er så fint med deg, Marie, for du seier det, du». 

For dei er ærlege. Det likar kundane. 

– Viss dei spør om råd, «hadde eg passa det», så kan eg vera freidig og seia nei, seier Marie. 

Frisørane brukar sin sjette frisør-sans til å lesa situasjonen. For: 

– Folk er ikkje så vanskelege å lesa, seier Marie. 

– Dei viser det med heile seg. Og så skjer eit eller anna med folk når dei set seg framføre den spegelen, seier Renate. 

– Ja, kva skjer då? 

– Du blir litt naken, seier Marie. 

– Og dei du ser føre deg kanskje er mest sjølvsikre, kan overraska. Det fokuset på dei, blir ikkje så kjekt, seier Renate. 


Pride-flagget til høgre indikerer at alle er velkomne inn hjå Diamanten frisør. – Det er spesielt viktig for ungdommane våre, seier Marie Håheim, som set opp ny time til ein fast kunde. Foto: Hanna Maria van Zijp


Tilliten får dei gjennom god tid til konsultasjon, kanskje over fleire år. Frisørane byggjer stein på stein. Og når dagen er over, så er dagen over. 

– Trikset i vårt yrke er å la jobben vera igjen. Dersom du tar med alt heim, så blir du heilt koko. Men så må du henta det opp igjen. Eg er slik at jo meir eg tar i håret, jo meir hugsar eg kva me snakka om sist. Plutseleg kjem du på kor dei var på tur nettopp, ler Renate. 

Plutseleg kjem dagens første kundar. Då er Renate og Marie kjapt på beina, med eit «me må jobba, me, nå» i forbifarten. På veg inn i eit nytt tiår.

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden