Kommuneoverlege debuterer som forfattar

Knut Arve Omdal, som bur på Bjoa, debuterte i år som forfattar med boka Å Berøre Stjerner. Boka handlar om livet hans som lege, ektemann og far. Kona, Susanne Omdal, som døydde for seks år sidan er ein viktig inspirasjon for bokdebuten.


I Å berøre stjerner blir me godt kjent med livet til Omdal, han er ikkje redd for å skildre verken dei gode eller dei mindre gode sidene ved kvardagen. Omdal fortel at dette er ei bok som først og fremst handlar om kjærleik, og i den beskriv han sitt kjærleiksforhold til kona frå start til rundt 2000-talet. Her er det blant anna tema som nyforelsking, flytting og born. 

– Dette var ei bok som eg rett og slett berre måtte skriva. Tittelen er Å berøre stjerner, og det var nettopp det eg ønskte; å berøre menneske, fortel Omdal.

Omdal fortel at boka har fått tilbakemeldingar på å vera rørande og sterk. Han trur dette er fordi det er ei levd kjærleikshistorie som er ekte og ærleg. 

– Det å bli forelska, kjærleiken, stifta familie og balansera alt dette med arbeidslivet er noko folk kjenner seg igjen i. Eg trur difor dette er ei bok som appellerer til dei fleste, meiner Omdal. 

Legeyrket og endringar 

I boka får me eit djupt, og sjeldan innblikk i legeyrket. Omdal skildrar hendingar han sjølv har vore del av og ulike pasienthistorier. 

Boka er ei gripande forteljing om eit godt samliv.
Foto: Kristian Risanger.


– Då min generasjon starta i allmennmedisin, var det å spesialisera seg i det nytt. Det var difor ein veldig entusiasme rundt det. Me hadde ideal: kontinuerleg, omfattande, personleg og forpliktande, og me tok det ganske bokstavleg. Me hadde høve til  å vera skikkelege legar. Å diagnostisera, behandla og følga opp folk var det viktigaste. I dag består allmennmedisin veldig mykje meir av skrivebordsarbeid. Når du ikkje er fastlege, har du mykje sakkyndigheitsarbeid, til dømes attestar av førarkort eller frå NAV. Dette er arbeid som ikkje skapar pasientsentrert fokus  fortel Omdal.

Han fortel vidare at den store mengda med papirarbeid har auka arbeidspresset og gjerne snudd det i ei anna retning.

– Me hadde eit høgt arbeidspress me og, men det var hovudsakleg på grunn av at me hadde så mange vakter. Alt var pasientsentrert, fortel Omdal. 

Han håpar at med boka så får folk eit godt innblikk og gjerne ei betre forståing av legeyrket.

Dei små augneblinka 

Omdal meiner det er viktig å halde fokus på dei små gledene. 

– I dag er det blitt alt for mange tidstjuvar. Me har både data, telefon og TV som er med oss eller står på alle tider på døgeret. Mitt inntrykk er at etter kvart som me har fått meir og meir slike saker, jo mindre tid har me. Og dess mindre tid me har, dess mindre tid har me til å setja pris på det gode som skjer. Det er noko eg håpar på å formidla med boka. Det å sjå det store i det små og det å ikkje sjå rikdom i pengar, men i kjensler og opplevingar. 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden