
Fersk økonomisjef i Brødrene Mæland, Anders Hundseid (t.v) blir en viktig ressurs for hele selskapet og utviklingen som kommer, sier daglig leder, Anders Mæland (t.h)
– Eg har følgt med på Brødrene Mæland gjennom mange år, og har sett eit selskap som har vakse, satsa, bygd seg eit godt omdømme, og fått med seg mange dyktige folk. Sjølvsagt ville eg vera med på dette, seier Anders Hundseid, rykande fersk økonomisjef i Brødrene Mæland.
Selskapet har satsa på både nye prosjekt og oppkjøp dei siste åra, og har ei rekkje satsingar på radaren. Dagleg leiar og medgründer Anders Mæland ser fram til å ha med seg Hundseid i prosjekta som kjem.
– Me har vakse ved å ta steg for steg. Å tilsetja Anders som økonomisjef er eit viktig, stort og naturleg steg for oss no. Me er blitt såpass store at me treng fleire dyktige ressursar med erfaring frå større verksemder. Det blir stadig viktigare å ha nokon med full kontroll på økonomi, leiing og utvikling i alle selskap og prosjekt, seier Mæland.
Framleis vekst
Medrekna alle deleigde selskap tel Brødrene Mæland 57 tilsette, som vil omsetja for over 250 millionar kroner i 2026. Og det vil ikkje stoppa med det:
– Me vil framleis veksa, og har mykje på gang. Anders blir ein viktig ressurs på alle område. Med satsing på mellom anna eigedomsutvikling, vil det vera svært nyttig å ha med seg ein «bankmann» på laget, seier Mæland.
Hundseid er økonomi- og finansutdanna, har lang fartstid frå bankverda, og er tidlegare konsernsjef i Fatland. Både økonomi og leiarerfaring vil koma godt med.
– Eg har jobba mykje inn mot næringsliv og bygg, og er difor godt kjent med bransjen. Brødrene Mæland har hatt ei jamn og trygg vekstkurve, og eg ser fram til å ta ei rolle der me får vidareføra ei stødig vekst med god kvalitet i alle ledd i åra som kjem, seier Hundseid.
Frå starten i 2010 har Brødrene Mæland utvida både aktivitet og marknad med fleire nye samarbeidspartnarar, kjøp og fusjonar: H-Betong, Byggmester Tommy Bårdsen, Byggstart og Byggdetalj er alle under Brødrene Mæland-paraplyen, samstundes som dei parallelt etablerer eigne, nye dotterselskap i samband med fleire satsingar. Mellom anna ser dei nordover mot Sunnhordland og Bergen, og siktar seg endå skarpare inn mot næringsbygg.
– Me jobbar no med nytt Rema 1000-bygg på Stord, og har opsjon på nabotomta. Her arbeider me med eit større bustadprosjekt – «Prestagarden» – som etter planen skal bli 20 leilegheiter. No jobbar me også med eit større utviklingsprosjekt i Bergen saman med partnarar, seier Mæland.
Felles engasjement
Hundseid er klar for å vera med på utviklinga basert på fundamentet som dei tilsette har bygd saman. Han er ikkje i tvil om potensialet som ligg i planane.
– Brødrene Mæland har gjort mykje rett. Dei har satsa modig, men trygt, og tilpassa seg marknaden med litt nye vinklingar. Dei har fokusert på nybygg, rebygg og energieffektive bustader, og no girer dei opp aktiviteten innan næringsbygg og eigedomsutvikling. Folk må ha hus, og næringslivet må ha produksjonsbygg. Eg er overtydd om ein vidare sterk utvikling, seier Hundseid.
Han peikar også på engasjementet for lokalverdiskaping som ein viktig motivasjon.
– Brødrene Mæland har vore ein pådrivar for å skapa lokale arbeidsplassar. Dei har også hatt eit fokus på å rekruttera og halda på dyktige fagfolk. Det engasjementet trigga meg ekstra til å ta denne jobben, seier Hundseid.
Mæland seier det har vore ein viktig og bevisst strategi å ha fokus på dei rette folka i bedrifta.
– Og no har me med oss endå ein. Me er veldig takknemlege for å ha Anders med på laget, seier han.
