Klar for Motvind Cup

Laurdag 12. november inviterer Medvind24 til fotballcup for lokale bedrifter. Her kan du konkurrere om heider og ære, og målet er at flest mogleg deltek på banen.

– Dette er ikkje plassen der ein treng å toppe laget sitt, seier Morten Helland i Medvind24 og ler.

Medvind24 gjentek suksessen frå 2020 og inviterer lokale bedrifter til Motvind Cup, laurdag 12.november, kl. 10.00-14.00 i Frisk sin Cageballhall. Det er plass til 14 lag i cupen og kvart lag spelar med fire spelarar på banen inkludert keeper. Kampane varer i 2x3 minutt.

– Her er det FairPlay og Kardemommelova som gjeld, slår Helland fast og viser til at cupen slett ikkje er av det høgtidlege slaget. 

I fjor var det Medvind Sandeid som gjekk av med sigeren, i år lovar arrangøren at det skal bli kamp om ny vandrepokal som blir gjev å ha på kontoret. 

– Me har mixa lag og slit bedrifta med å stille lag kan me få til ein midlertidig fusjon for å løyse problemet. Det viktigaste er at alle som har lyst hiv seg med, men me har berre plass til 14 lag, så her må ein vere raskt ute skal ein skaffe seg plass. 

Morten Helland meiner slike arrangement som dette er postivt for alle bedrifter.

–  Dette trur eg det er viktig å delta på for både små og store bedrifter. Det er sosialt og er nettverksbygging på tvers av bedriftene her lokalt.

Påmeldingsfristen til cupen er 1. november, og deltaking kostar 500 kroner per lag.

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden