Inviterer næringslivet til areal-dialog

2. april kan næringslivet i Vindafjord få seie kva dei meiner om arealdelen i kommuneplanen som no er ute på høyring.


Bli med på møte!

       

Då blir næringslivet nemleg invitert inn til eit møte hjå Medvind24 i Ølensvåg, der einingsleiar for areal og forvaltning i Vindafjord kommune, Thomas Vestbø, kjem for å orientere om planen og svare på spørsmål. 

– No er jo dette ein innspelsrunde til utkastet som er sendt på høyring, men me vil gjerne høyre kva næringslivet saknar av tiltak, kva dei meiner me ikkje treng, og kva me eventuelt treff med, seier Vestbø. 

– Viktig at planen treff behovet

Høyringsfristen for arealdelen som no ligg ute er 22. april, og Vestbø er glad for alle som viser engasjement for planen. 

– Dette er jo også samfunnsutvikling, og mange er opptatt av korleis me rustar oss både med næringsareal, bustadutvikling og sentrumsutvikling. I planen som no ligg ute har me prøvd å ha fokus på kva som er dei reelle behov dei neste fem-seks åra. Det er viktig at areala treff behovet, og at dei faktisk blir bygd ut, seier han. 

Også Morten Helland i Medvind24 håpar næringslivet vil engasjere seg i saken. 

– No bør folk kjenne sin besøkelsestid angående denne saken, toget for å meine noko om planen går no, seier han. 

Jordvernet veg tungt

Einingsleiar for areal og forvaltning i Vindafjord kommune, Thomas Vestbø

Vestbø viser til næringsarealet på Nerheim i Ølen er eit godt døme på eit areal der det meste no er opptatt, men der det likevel så langt har vore lite byggeaktivitet. Den kommunale tradisjonen med å sette av   næringsareal «i tilfelle det trengs» er også eit tilbakelagt stadium. 

– No jobbar me på ein annan måte, og ynskjer at det først skal vere behov før me set av arealet. Det handlar mellom anna om jordvern og korleis landbruksnæringa kjem ut av det. Ein ny rapport frå Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) viser at 16 prosent av verdiskapinga i kommunen kjem frå landbruket og landbruksbasert verksemd, så det er og eit poeng å ta med seg. Det er jo naturleg at det er lettare å bygge ut på ein dyrka bø, eller på haug og hammar, som krev mykje meir grunnarbeid. Men jordvernet veg tungt altså, meiner Vestbø. 

– Me vil òg gjere areal tilgjengeleg i heile kommunen, både med tanke på næring og bustad. Det er viktig for oss at me har areal som Dommersnes og Nerheim, der store aktørar kan etablere seg, men det er like viktig å ha attraktivt areal til dei mindre aktørane. Dette er jo også ein del av ein regional strategi. 

God dialog

Vestbø meiner møtet hjå Medvind24 er ein god arena for å stille spørsmål om prioriteringar i planen, og gjerne uttale seg om kva ein ynskjer at Vindafjord kommune skal prioritera framover. 

– Sjølve høyringssvara må me få skriftleg, men eg gler meg til å møte næringslivet og få ein god dialog rundt dette. Det hadde vore kjekt om det kom mykje folk, så det er mange meiningar rundt bordet, seier Vestbø. 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden