«Framtida er her»
- Stad: Sjøperlo, Vindafjord
- Dato: 15. juli
- Tid: kl. 18:00
- Meld deg på her!
Bak arrangementet står Vera Gjerde og Inger Constance Eidhammer Lunde. Dei har som sommarjobb å løfta fram Vindafjord som ein attraktiv kommune å jobba og bu i, spesielt for dei unge.
– Me har så mange spennande arbeidsplassar i kommunen, og me ønskjer at ungdom skal få auga opp for moglegheitene som finst her. Dette handlar om å byggja nettverk, skapa kontakt og inspirera, seier Inger Constance.
– Kva slags rolle speler næringslivet i Vindafjord når det gjeld å halda unge folk i regionen?
– Eg vil seia næringslivet er heilt avgjerande . Utan eit variert arbeidsliv ville ikkje Vindafjord vore like attraktivt å bu i. Om ikkje bedriftene hadde valt å bli her, og heller hadde flytta hovudkontora til storbyane, ville det påverka både skatteinntektene og livsgrunnlaget i kommunen, fortel Gjerde.
Skal setja Vindafjord på kartet
Arrangementet er eit ledd i arbeidet med å synleggjera kommunen – både overfor ungdom og næringsliv.
– Når me ser på aktørar som Hatteland, Ølen Betong, Westcon og mange fleire, så ser me jo at me har verdsleiande kompetanse og arbeidsplassar rett utanfor stovedøra, seier Eidhammer Lunde.
Ho legg til at det også finst mange kommunale jobbar, særleg innan helse. Det er mange gode moglegheiter her.
«Framtida er her» samlar bedrifter og unge menneske – både studentar, skuleelevar og dei som vurderer å flytta heim etter utdanning. Bedriftene får høve til å stå på stand og halda korte to-minutts foredrag om kvifor nettopp deira arbeidsplass er spennande.
– Me håpar mange bedrifter vil vera med og inspirera neste generasjon. Dette er ei investering i framtida og ein moglegheit til å visa kor spanande og variert næringslivet i Vindafjord faktisk er.
Fleksibilitet og friheit lokkar dei unge
Arrangementet skal også bidra til at bedriftene forstår kva den nye generasjonen ser etter i ein arbeidsplass.
– Generasjon Z ønskjer fleksibilitet, friheit og moglegheita til å påverka sin eigen arbeidskvardag. Det er viktig at næringslivet møter dette med opne auge, og arrangementet gir rom for ein god dialog, forklarar Gjerde.
Vera og Inger Constance håpar dette vil bidra til at ungdommane får eit større nettverk, knyter nye kontaktar og oppdagar bedrifter dei kanskje ikkje hadde vurdert tidlegare.
– Me vil visa dei at det er mykje spennande her – og at dei ikkje treng å dra langt for å finna gode alternativ innan arbeid, avsluttar Inger Constance.