Hopp til innhald

– Høgst relevant for studiet mitt

Ole Jørgen Espeland har nå sin fjerde sommar hos Omega. Om det er grunna relevansen for studie eller den gode maten i kantina får du lese meir om her.


 

Kvifor tenkjer du ein sommarjobb er viktig?

– Sidan eg er student så er det alltid fint med litt ekstra pengar. Eg syns og det er nyttig å få erfaring i ei faktisk bedrift samstundes som eg studerer, spesielt sidan det eg gjer i Omega 365 er høgst relevant for studiet mitt. Arbeidserfaringa eg opparbeider meg vil forhåpentlegvis og gjere meg meir aktuell for framtidige arbeidsgivarar. 

Kvifor ville du jobbe her?

– Dette er fjerde året eg har sommarjobb på Omega, og sidan eg begynte har eg aldri hatt nokon grunn til å leite etter alternativ.  

Kva ville du sagt til ein som vurderte same feriejobb? 

– Dei har veldig god mat i kantina. 

Om du kunne reist kor du ville, kor hadde turen gått? 

– Eg har alltid hatt sansen for litt ekstravagante plassar, så ein tur til New York, Las Vegas eller liknande, hadde vore kult. Utanom det er jo alltid ein standard tur til Syden veldig fint. 

Kva er dine planar for sommaren? 

– I sommar har eg eigentleg ingen spesielle planer. Eg skal jobbe mesteparten av ferien, og når eg har fri, har eg ingenting spesielt planlagt. Med det sagt, håpar eg at eg får sjansen til å ta ein tur på stranda eller liknande med venner om vêret er fint. 

Folk i vinden

Tips oss

Folk i vinden

Har de ein ny kollega på laget? Send oss ein e-post så legg me det ut på Folk i vinden!

Send tips

Har du ei god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss.

Send tips