Heit oppleving ved Åkrafjorden

– Eg hadde vore inne på tanken om å lage ein sauna for glampinggjestane, men så tok HEIT-kjeden kontakt og hadde ein sauna tilgjengeleg. HEIT er eit godt innarbeidd merkenamn på Vestlandet, og det var veldig kjekt å få eit samarbeid med dei. Saunaen me har kjøpt via HEIT er laga av kanadisk sedetre, og er av høgste kvalitet.  

Vestlandsk badstukonsept

HEIT tilbyr i dag badstuopplevingar i Sørfjorden i Hardanger, Haugesund og Bergen, og har fleire stadar på gong dette året. Fjæra fann fort ut at saunaen i Åkrafjorden ikkje kunne vere avgrensa for kun glampinggjester, og vil no ha ope for alle, sju dagar i veka.  

– Frå klokka 10 til 18 er badstova open for booking for alle, for to timar i slengen. Frå klokka 18 og utover er badstua kun for glampinggjestane. Det er mogleg me opnar for drop-in etter kvart, men no i starten vil ein kun kunne bestille i forkant.  

Badstova rommar opp til seks gjester. (Foto: HEIT Åkrafjorden SAUNA)

Vatn frå Folgefonna

Badstova skal ikkje berre vere ein stad å finne varmen. Fjæra vonar at tilbodet vil gi påfyll til både kropp og sjel.  

– Det er fyrt opp på førehand og alt er klart når gjestene kjem. Då saunaen ikkje ligg nede ved fjorden, har me laga til ulike moglegheiter for å kjøle seg ned undervegs. I tillegg til eit badekar, har me omgjort to vintønner til badestampar og har fleire dusjar. Her vil du kunne kjøle deg ned i vatn som kjem rett frå Folgefonna.  

I tillegg til badstua får gjestene tilgong til garderobe og toalett, og det er også mogleg å leige handkle. På sikt kjem det også servering av mat og drikke.  

– Me ser eit potensiale i plasseringa vår langs trafikkerte E134, og håpar at mange kan tenkje seg å nytte tilbodet som ein pause langs vegen.

Storslegen utsikt over Åkrafjorden er del av saunaopplevinga. (Foto: HEIT Åkrafjorden SAUNA)

Tru på heilårssesongen

I fjor opna Fjæra to domar der han tilbyr glampingopplevingar, og han har allereie merka stor pågang på bookinga av desse, som han håpar også kan trekke gjester til saunaen.  

– Me har allereie passert 50 % booking for juni og juli i år og har eit godt håp om å fylle opp heile sommarsesongen. I tillegg har me hatt besøkande kvar helg sidan nyttår, noko som gir oss tru på at dette kan vere ei heilårsgreie. Mange opplever glamping som særs stemningsfullt og ein kjem tett på storslagen natur. Me har mange planar på blokka, men no skal me først fokusere på å få badstu-konseptet opp og gå.  



Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden