Første Miljøfyrtårn-sertifiserte møbelbutikk i landet

Møbelringen Etne og Princess Interiør Etne har sett miljøarbeidet i system med fokus på avfallshandtering, energibruk og retur av gamle møblar. No er dei først ute i landet som Miljøfyrtårn-sertifiserte i sin bransje.

– Me gjorde mykje av dette berekraftige arbeidet frå før, men no har me fått sett tiltaka inn i eit godt system, seier dagleg leiar Ole Strømø, som fortel at dei i tillegg ynskjer å få ein av firmabilane som el-bil i framtida. 

Med ein marknad som strekkjer seg gjennom Vindafjord, Etne og til hyttelivet i Røldal, Seljestad, Hovden og Vågslid blir det ein del køyring. 

– Møblar er og noko folk gjerne vil ha levert, det er ikkje alle som vil hente dei sjølv. Men me er blitt langt flinkare til å fylle opp bilane før me køyrer. Me køyrer ikkje ein enkelt sofa på plass, då må kunden heller vente litt, men det forstår dei som regel godt, fortel Strømø. 

Mange av tiltaka som krevst for å bli Miljøfyrtårn-sertifisert er allereie på plass i butikkane, men no vart arbeidet sett i eit betre system. 

– Det blei viktig for oss å få alle berekraftsmåla i eit godt system. No har me fått god oversikt og betre rutinar. Alle som jobbar hjå oss har og fått meir fokus på både berekraft, gjenbruk og avfallshandtering. Dette har ført til at me jobbar smartare, og at me lettare fangar opp alle detaljane i kvardagen. 

– Blant anna så får me ofte ein del varer i retur frå kundar som kjøper nye produkt. Dersom dei ikkje er utslitne, leverer me dei til gjenbruk. Me kastar ingenting som kan brukast om igjen. 

Butikkane har fått betre rutinar for avfallshandtering, og auka fokus på kortreiste varer med lengre levetid. 

– Varer som krev mykje transport set større miljøavtrykk etter seg enn dei som er kortreiste. Isolert betyr ikkje det så mykje, men når me ser alt under eitt viser det igjen, meiner Strømø. 

I tillegg har bedrifta sett på energibruken og skifta ut all grunnbelysning til led, noko som sparer dei for om lag 100 kilowattimar i døgnet. 

Ordførar i Etne, Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp), overrekte det synlege beviset på at butikkane i Etne er blitt Miljøfyrtårn-sertifiserte. 

– Eg veit dei har jobba godt for å få dette til. Det er stor stas å dele ut til ei lokal bedrift som er den første i landet til å bli Miljøfyrtårn i sin bransje. Dei er best i klassen, enkelt og greitt, uttalte ein smilande ordførar Mette Heidi Bergsvåg til Ole Strømø, som etter fleire år med planlegging av det berekraftige prosjektet no er ferdig med godkjenning. 

Arbeidet med å få Møbelringen Etne og Princess Etne Miljøfyrtårn-sertifiserte starta rett før koronapandemien råka landet. Dermed var det ikkje før hausten 2021 at Strømø tok opp igjen tråden med rådgjevar Odd Åge Aas, som er leigt inn av Medvind24 Næringshage for å bistå bedrifter gjennom berekraft-prosessen.

– Me hadde dette i bakhovudet gjennom koronatida, men det er ein del arbeid som skal på plass før ein blir godkjent. Me har fått god hjelp, så i februar var me i mål og klare for sertifiseringa. 

Totalt sysselset dei to butikkane om lag ni årsverk, og omsette for om lag 24,3 millionar kroner i 2020. Miljøfyrtårn er ei nasjonal miljøsertifiseringsordning som er støtta av Miljøverndepartementet og organisert av ei eiga stifting. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden