Hopp til innhald

– Følg bedriftsdraumen din 

– Våg å satse på draumen viss du ynskjer å starte di eiga bedrift, seier Marita Grønstad som driv klesbutikkane Fjång og Ung/Kar i Etne. 

Marita Grønstad er gründeren som satsa på klesbutikkar i Etne. (Foto: Astrid Eidhammer Hjelmeland)

Sjølv har Marita alltid drøymt om å drive butikk, og i 2017 vart draumen reell, då starta ho opp klesbutikken Fjång på senteret i Etne. I dag driv ho også butikken Ung/Kar som sel klede til barn, ungdommar og herre. Til saman er det seks fast tilsette i butikkane.  Butikksjefen er tydeleg på kva som inspirerer henne, ho blir motivert av kundar og kunne hjelpe folk med å finne det dei treng.

Gründertips

  • Me snakkar med gründerar og bedriftsleiarar om kva som trengs for å satse på bedriftsdraumen. Kvifor valde dei å satse på eiga bedrift, og kva råd har dei til den som går med ein gründerdraum i magen? I dag : Marita Grønstad klesbutikken Fjång og Ung/Kar i Etne. 
  • Lurer du på om du vil starte eiga bedrift? Ta gjerne kontakt med Medvind24 Næringshage som kan tilby gratis førstelinjeteneste på vegne av Vindafjord og Etne kommune.
  • Les meir om dette her!

– Eg har fagbrev i butikkfag, så det har alltid vore eit mål å drive for meg sjølv. Det var nok naturleg å starte klesbutikk sidan eg er over gjennomsnittet glad i klede, seier gründeren og ler ein smittande latter. 

Reknar ikkje timar

Nettopp latteren og det gode humøret er i følgje Marita noko av det viktigaste ho tar med seg på jobb. Å drive to klesbutikkar kan ofte bli ganske travelt og det er behov for nokre pustepausar innimellom.  Denne sommaren har ho hatt fire veker ferie, noko som gjorde godt. 

– Når ein driv for seg sjølv må ein vere glad i jobbe, du reknar ikkje timar. Dette er ikkje noko vanleg 8-4-jobb. Men i sommar gledde eg meg til å starte på jobb igjen, ferien vart rett og slett litt for lang, det er eit godt teikn, meiner ho.
– Butikken er min andre heim , eg er opptatt av at folk skal føle seg mest mogleg velkomne og få gode opplevingar slik at dei kjem igjen. Eg trur mange set pris på at me har variert utval av klede til folk i alle aldersgrupper, og at eg gir ærlege tilbakemeldingar på kva som passar kunden.

Marita er oppteken av å ha eit sterkt nettverk rundt seg. 

– Det er kjempeviktig å ha gode folk rundt seg. Eg har venner og familie som har stilt opp, ein super sentersjef og ikkje minst rekneskapsføraren min som kan jekke meg ned når eg blir for ivrig med innkjøp.Og så er me eit veldig godt team på jobb, det betyr mykje.

Satsar på fysiske butikkar

Marita likar aller best å hjelpe kundane i butikken, somme gonger veit ho godt kven som kjem til å kjøpe kleda ho kjøper inn for neste sesong. Ho har hatt ein nettbutikk på gang over lenger tid, men har funne ut at det vil krevje for mykje oppfølging å drive den. Dermed satsar ho heller på dei fysiske butikkane i Etne. 

– Eg brenn for dette, og det er dette eg vil halde på med. Men å drive butikk i distrikta er ikkje alltid like enkelt. Spesielt så ser me at konkurransen frå nettbutikkane er sterk, meiner ho.
– Det er viktig å vere tru mot det ein held på, og heile tida ha fokus på service og korleis ein tar imot kundane sine. Det er eit tips.

Koronatida ho legg bak seg har vore knalltøff. Marita måtte permittere alle tilsette, og sto åleine på jobb på begge butikkane. Trass dette har ho hatt omsetningsvekst både i fjor og i år, no ser det ut som at ho også i år går mot eit rekordår. 

– Ver på vakt  

 – Har du eit godt tips til den som vil starte for seg sjølv? 

– Les det som står med lita skrift. Eg er ofte godtruande og kanskje litt naiv, det kan slå begge vegar. Sett deg inn i det økonomiske og få oversikt over korleis alt heng saman, eg lurer framleis ofte på økonomiske spørsmål. Ver litt på vakt, og følg med er nok mitt beste råd, seier ho og smiler. 

– Men ikkje gløym det gode humøret, det treng du når du skal bygge opp noko.


Ledige stillingar

Christiansen Bakeri er på jakt etter daglig leder
Frist: 04. des

Folk i vinden

Tips oss

Folk i vinden

Har de ein ny kollega på laget? Send oss ein e-post så legg me det ut på Folk i vinden!

Send tips

Har du ei god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss.

Send tips