Hopp til innhald

 

Fjordentreprenøren med grøn omstilling

– Me starta på dette arbeidet sidan offentlege aktørar krev det, men det er og viktig å sjå på korleis me kan bli meir berekraftig, seier Morten Lærdal i Fjordentreprenøren. Nyleg fekk han statusen som Miljøfyrtårn, godt hjelpt av konsulentbedrifta Sparringspartneren AS. 

Morten Lærdal i Fjordentreprenøren er godt nøgd med å vere sertifisert som Miljøfyrtårn, han ser det gir fortrinn i anbodsrundar. (Foto:Jenny Henriksen Leite)

Miljøfyrtårn-sertifisering

   
  •  Miljøfyrtårn er ei nasjonal miljøsertifiseringsordning som er drifta av Stiftelsen Miljøfyrtårn. Fleire kommunar, fylkeskommunar, LO, NHO, KS og Innovasjon Norge er blant aktørane som står bak ordninga. I dag finst det om lag 9000 miljøfyrtårnsertifiserte bedrifter i Norge. (Kjelde: Miljøfyrtårn.no)

Sandeidbedrifta Fjordentreprenøren jobbar med det meste som kan byggast i strandsona, alt frå grunnarbeid, betongarbeid og trearbeid på kaiar, brygger og naust. Dermed er dei og tett på sjøen og det maritime miljøet som er ekstra sårbart for klimaavtrykk.
– Me har sett søkjelyset på dette tidlegare og, at me prøver å hindre avtrykk som ikkje trengs, og minst mogleg svinn på betongen til dømes. Men det er heilt klart at me alltid kan bli betre, seier Lærdal.
Han visste at prosessen med å få status som Miljøfyrtårn ville krevje ein del tid og midlar, ikkje minst sidan det er mange punkt som skal dokumenterast og setjast i system.
– Men det gjekk veldig bra, og me fekk god hjelp frå konsulenten som jobba med oss. Noko av dette hadde me på plass frå før, andre ting måtte me dokumentere gjennom prosessen. Det er i grunn berre bra å få god oversikt, meiner han.
– Og fokuset me får på berekraft gjennom denne prosessen skuvar me også vidare til leverandørane våre, som me håpar vil dra i same retning.

Gunnhild Skeie er miljøfyrtårnansvarleg i bedrifta og meiner sertifiseringsprosessen er dagsaktuell nå.
– I dette arbeidet blir det fokusert både på berekraft, arbeidsmiljø, innkjøp, transport og avfallshandtering. Me ynskjer å forbedre det totale avtrykket i bedrifta, slik at me også er betre posisjonert i kampen om jobbane, fortel ho.
– Det var ein krevjande prosess, men me hadde gode system på førehand, noko som hjelpte godt, legg ho til.
Gjennom arbeidet med miljøfyrtårn-status har det blitt gjennomført fleire tiltak i Fjordentreprenøren.
– Me har blitt flinkare til å køyre saman der me kan, me er og blitt endå meir bevisste på gjenbruk og kjeldesortering, og korleis me kan finne andre og meir miljøbevisste løysingar i prosjekta våre, seier Lærdal.
Trassei tøff tid med stor kostnadsauke og nokre færre oppdrag på blokka ser han lyst på våren.
– Det er klart at ein del av kjøpekrafta ute blant folk blir knekt når både straum, drivstoff og renter aukar betrakteleg. Men eg trur likevel våren blir bra, og denne statusen vil hjelpe oss til å kome i posisjon på større og offentlege anbod, det er viktig.
–    Eg trur dette har vore ei viktig investering, både med tid og pengar. 

Elisabeth Steine, Odd Aage Ås og Ragnhild Svendsen Narmo hjelper bedriftene med å oppnå statusen som Miljøfyrtårn. (Foto: Judith Sørhus Litlehamar)

– Dette er framtida, og det er kjempespanande å få lov til å vere med på å gjere bedriftene
meir miljøvennlege. Dette vil dei tene på, både når det gjeld å sikre seg større jobbar i tillegg til at ein blir ein meir attraktiv arbeidsgivar på sikt, seier dagleg leiar i konsulentbedrifta Sparringspartneren AS, Odd Åge Aas.
Konsulentbedrifta på Sand har satsa på rådgjeving innan miljøfyrtårn-sertifisering. Denne hausten tilsette også Aas to nye konsulentar, Ragnhild Svendsen Narmo og Elisabeth Steine som begge nyleg er kvalifiserte som miljøfyrtårnkonsulentar og dermed kan ta bedriftene gjennom sertifiseringsløpet på eiga hand. Bedriftsideen til Aas vart sett ut i livet for åtte år sidan, då var målet at fleire lokale bedrifter hadde behov for ein rådgjevar innan bedriftsutvikling, HMS og internsystem. Etter kvart utvikla det seg til å bli meir spissa mot miljø og berekraft, gjennom å tilby miljøfyrtårnsertifisering. I dag tilbyr Sparringspartneren dette som eit tilbod til enkeltbedrifter, eller ein kan bli med på eit såkalla «gruppeløp», der fleire bedrifter går gjennom sertifiseringa saman. Sjølve sertifiseringa tek i snitt om lag tre – seks månadar, og Sparringspartneren er ein av samarbeidspartnarane hjå Medvind24 Næringshage. 


–    Sertifiseringa handlar om å ta bedrifta gjennom eit grønt skifte, det må vere godt eigarskap i både leiinga, men og blant dei tilsette. Me er jo heldige som kjem på innsida av så mange ulike bransjar – her er alt frå elektrifisering av hurtigbåtar til matkontroll, seier Narmo som sjølv har ein bachelor-grad i økonomi og administrasjon frå London.
– Langt på veg handlar dette om å effektivisere tiltaka ein skal gjere, og forbetre rutinane, seier ho.
Bedriftene går gjennom ei viss rekkje krav til kva dei må dokumentere og kva tiltak ein må setje i verk for å få sertifiseringa i boks. I tillegg til generelle krav er det også ulike bransjekriterium som ein må gå gjennom.
–    Me vil nok oppfordre bedriftene til å ta kontakt og setje denne prosessen i gang før dei får det som krav, i offentlege og større anbodsrundar er det allereie eit krav. Det er og viktig at bedriftene ikkje ser på dette som noko nødvendig onde dei må gjennom, men som eit nyttig verktøy å ha med seg, seier Narmo og viser til at det også blir føretatt ein vesentlegheitsanalyse som viser kor dei vesentlege avtrykka er i bedrifta, då innan både indre og ytre miljø. I tillegg har bedrifta kompetanse på klimarekneskap, og ynskjer å tilby dette som eit produkt snart. 


Odd Åge Aas er klar på at sertifisering som miljøfyrtårn for dei aller fleste små og mellomstore bedrifter er like gunstig som å setje i gang ei større ISO-sertifisering.
– ISO er ein litt tyngre veg å gå, men det er nok nokre konsern innan visse bransjar som kan ha nytte av det. Likevel ser me mange store konsern som også klarer seg fint med miljøfyrtårn-sertifisering. Dette er også ein enklare prosess, og mykje meir konkret og handfast. Eg likar miljøfyrtårn sidan det er så enkelt, seier Aas.
– Det er opp til bedriftene sjølv kor mykje dei ynskjer at me er involverte i prosessen, me kan hjelpe dei med deler av dette, eller sikre at dei kjem heilt i mål. For oss er det viktig at me klarar å forstå kva enkelt bedrift jobbar med, og kva målet deira er. Det er mykje å tene omdømme-messig og på at ein får statusen på plass, trur han.
Miljø-rapport skal leverast årleg, og er bedrifta sin peikepinn på korleis ein jobbar med det grøne skiftet. Rapporten dannar og grunnlag for anbodsdokumentasjon, det er krav til re-sertifisering kvart tredje år.

Den nye versjonen av Miljøfyrtårn-sertifiseringa som vart lansert nyleg ligg tettare opp mot FN sine berekraftsmål, og tar større høgde for inkludering, mangfald og at etiske retningslinjer er forankra i heile bedrifta.
– Dette er veldig spanande å jobbe med, og me har jo eit grunnleggande engasjement i miljøsaka, og for å skape vekst i lokalt næringsliv, seier Elisabeth Steine. Ho har bachelorgrad i økonomi og entreprenørskap og har blant anna tidlegare vore assisterande hotellsjef på Ryfylke Fjordhotel. Sjefen Odd Åge Aas er klar på at dette er eit produkt det truleg berre blir ein veksande marknad for.
– Me ynskjer først og fremst å sikre desse arbeidsplassane me har no, men ser og at me kan vekse og stadig bli aktuelle i eit større geografisk område. Det finst ikkje så mange liknande konsulentbedrifter som oss.
– No satsar me også på å tilby risikovurdering til aktivitetsbasert reiseliv, det er ei litt annleis vurdering enn eg kjenner frå før, men absolutt ein bransje i vekst, meiner Aas.


Ledige stillingar

Christiansen Bakeri er på jakt etter daglig leder
Frist: 04. des

Folk i vinden

Tips oss

Folk i vinden

Har de ein ny kollega på laget? Send oss ein e-post så legg me det ut på Folk i vinden!

Send tips

Har du ei god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss.

Send tips