Hopp til innhald

Etne kommune vil kjøpe kraft-aksjar

Formannskapet i Etne gjekk i dag inn for å kjøpe aksjar i Haugaland Kraft til ein verdi av 20 millionar. Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) er godt nøgd med at Etne no får sjans til å kjøpe seg inn som eigar i kraftselskapet, og dermed og får ei røyst med i vidare utvikling.

Image
Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) er godt nøgd med at kommunen no får sjans til å kjøpe seg inn i Haugaland Kraft. ( Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet)



Formannskapet i Etne gjekk i dag inn for å kjøpe aksjar i Haugaland Kraft til ein verdi av 20 millionar. Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) er godt nøgd med at Etne no får sjans til å kjøpe seg inn som eigar i Haugaland Kraft, og dermed og får ei røyst med i vidare utvikling.

Venta i mange år

– For Etne kommune er dette ein sjans me har håpa på, og venta på, i mange år. Me har jo vore vertskommune for store kraftutbyggingar, men ikkje hatt påverknad direkte. No blir me medeigar og får sjans til å sitje rundt bordet saman med nabokommunane. Det gir oss også eit større utbytte av den lokale kraftproduksjonen, seier ho og viser til at kommunen tok kontakt med Haugaland Kraft i vinter for å kartlegge om det var mogleg å kome inn på eigarsida.

– Det er jo ikkje tvil om at Haugaland Kraft har utvikla seg til å bli eit lokomotiv på Haugalandet, me er glade for å kunne ta del i den regionale utviklinga, meiner Bergsvåg Ekrheim.

Strategisk viktig

Kommunen kjøper 0,2 prosent i kraftselskapet, til ein verdi på 20 millionar. Kommunedirektør Bjørn Tollefsen hadde i si innstilling lagt opp til at kjøpet skulle finansierast via lån. Vidare arbeid med saka viste derimot at ein ikkje kan kjøpe kraftaksjar på lånte midlar.

– Dermed må me på kistebotnen for å hente pengar, men det skal gå fint. Me har blant anna fått 15 millionar tilbakebetalt frå Vestland fylkeskommune sidan me har forskottert ein gang og sykkelsti i Skånevik, dei vil bli brukt no. Resten av summen skal finansierast med fond, fortel ordføraren.

Kommunedirektøren er også nøgd med at ein no blir medeigar i Haugaland Kraft.

– Me syns dette er strategisk viktig sidan Haugaland Kraft speler ei sentral rolle på Haugalandet. Det er ei investering i framtida, slår han fast.

Saka skal opp i kommunestyret i desember.

Ledige stillingar

Christiansen Bakeri er på jakt etter daglig leder
Frist: 04. des

Folk i vinden

Tips oss

Folk i vinden

Har de ein ny kollega på laget? Send oss ein e-post så legg me det ut på Folk i vinden!

Send tips

Har du ei god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss.

Send tips