– Endeleg kjem Sjoardagen tilbake

27.august er det klart for ny utgåve av Sjordagen i Ølen. Ølen Handel & Service kan blant anna freiste med Sjoarløp, motortreff, auksjon og trikseshow.



Etter nokre år med korona-pause er den tradisjonsrike Sjoardagen tilbake i Ølen. Mona Ljosnes Nordtveit i Ølen Handel & Service meiner dagen er viktig for å samle bygda.

Vil du stå på stand?

  •            Har du noko du vil selje på Sjoardagen og ynskjer stand? Send gjerne epost til post@handeliolen.no 
– Eg trur denne dagen betyr veldig mykje, målet vårt er å skape ein bygdedag der folk kjem seg ut og treffest. Og spesielt i år trur eg mange gler seg til samlingsplassen, det er lenge sidan sist no, meiner ho.

– Det hadde vore kjekt å fått til ein dag på våren og, men då med eit anna konsept. Det er alltid kjekt å skape møteplassar. 

Variert program

Også i år samarbeider komiteen med Etne & Vindafjord Motorklubb som arrangerer motortreff same dagen, og Mona lovar eit allsidig program for dei fleste aldersgrupper. Målet er at dei fleste skal finne noko som engasjerer. 

– Ungane gler seg til å springe i Sjoarløpet igjen, i tillegg trur me at klovneshow med klovnen Knut blir populært for dei minste, fortel Mona og fortel at også LM Baptista Entertainment frå Karmøy kjem med aktivitetar for den yngste gruppa.

– For dei eldre ungdommane kan me freiste med fotballtriks frå Sindre Freestyle som er tredje beste i landet i fotballtriksing. Elles blir det både auksjon, motortreff-hiking og fjordcruise med Åkrafjorden Oppleving i kveldinga. Den store finalen blir som alltid sommarfest på Ølen Kulturhus slår ho fast. 

Ynskjer fleire med stand

Handel er og ein viktig del av Sjoardagen. I tillegg til gode tilbod hjå butikkane i sentrum er og komiteen  stadig på jakt etter fleire som ynskjer å ha stand på bygdedagen.

– Har du noko du ynskjer å selje denne dagen, så er det berre til å ta kontakt, fortel Mona og viser til at blant anna REKO-ringen allereie har varsla at dei kjem.



Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden