Hopp til innhald

– Ein svært givande jobb

Amalie jobbar på rehabilitering og somatisk avdeling ved Etne Omsorgssenter og her har ho vore fleire feriar. Les meir om hennar tankar om sommarjobben og kva planar ho har for ferien her.


Kvifor tenkjer du ein sommarjobb er viktig?

– Eg tenkjer sommarjobb er viktig fordi ein får mykje god erfaring som ein kan ta med seg vidare til studiane eller arbeidslivet. Ein får og meir pengar å rutte med under studietida slik at ein kan kose seg litt ekstra. 

Sommarvikaren

  • Namn: Amalie Rosseland
  • Alder: 20 år
  • Arbeidsstad: Rehabilitering og somatisk avdeling ved Etne Omsorgssenter
  • Studerer: Sjukepleiestudiet ved VID vitenskapelige høgskole i Bergen

Kvifor ville du jobbe her?

– Eg ønskte å jobbe på omsorgssenter då eg får mykje god erfaring som pasientkontakt, å observere sjukdommar, delegere legemiddel og oppleve å ha ansvar. Det er og svært givande å hjelpe eldre menneske som ikkje klarar å ta vare på seg sjølv. Etter fleire feriar på Etne omsorgssenter kjenner eg meg godt heime her.

Kva ville du sagt til nokon som vurderte same feriejobb?

– Det er ein svært givande jobb, som også gir utfordringar. Å hjelpe eldre menneske gir erfaringar ein veks veldig på. 

Om du kunne reist kor du ville, kor hadde turen gått?

– Om sommaren vil eg reise til ein varm plass. Eg har allereie vore i Bulgaria og der var det nydeleg. Eg ville reist ein plass der det er varmt, fint og turistvenleg.

Kva er dine planar for sommaren?

– Eg begynte i sommarjobben 11. juli. Før det har eg vore i Bulgaria og i Kristiansand på Palmesus-festival. I slutten av juli skal eg på Rammstein-konsert i Oslo.

 

Folk i vinden

Tips oss

Folk i vinden

Har de ein ny kollega på laget? Send oss ein e-post så legg me det ut på Folk i vinden!

Send tips

Har du ei god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss.

Send tips