Inviterer til landbrukskonferanse for framtida

30. januar inviterer Vindafjord kommune til landbrukskonferanse på Ølen Kulturhus. Målet er å fremja eit framtidsretta landbruk på Haugalandet.

Landbrukskonferansen på Haugalandet går av stabelen på Ølen kulturhus 30.januar. (Foto: Økland Foto)

Sjå program nederst i saka

Etter suksessen med fagdagen “Stolt bonde med tru på framtida” i Tysvær 2020, ser kommunalsjef for samfunnsutvikling, Anne Sofie Sandvik, fram til konferansen som tar stad på nyåret.  

– Konferansen skal vere dagsaktuell og med eit framtidsretta fokus som skal inspirere til vidare satsing på landbruket. Koronaen sette ein stoppar i nokre år, men i 2023 er me klare igjen for denne konferansen. 

Sist gang kom det 250 gjester, denne gongen håpar Sandvik på 300. 

Fokus og innhald 

– Det er viktige tema som blir teke opp. Blant anna skal det første foredraget handla om matberedskap inn i framtida. Dette er eit svært viktig tema med tanke på å ha nok mat  i tida som kjem. Å satse på landbruket vårt er heilt avgjerande for framtida og dermed er denne bodskapen svært viktig å få fram. Eit skarpt fokus på denne viktige næringa og slike konferansar er difor veldig viktig, fortel Sandvik.  

– Gjennom godt nettverksarbeid har me kome fram til at satsing på klimasmart landbruk, smart lokalmat, teknologi og forsking vil sikra ei framtidsretta næring. Det gjer at me får ein stolt bonde med stor tru på framtida. Konferansen vil gi inspirerande føredrag på desse tema, legg ho til.  

Ein av gjestene som kjem er Sandra Borch. Ho skal sette eit ekstra fokus på nasjonal landbrukspolitikk, men og korleis denne er viktig på Haugalandet.  

– Etter politiske tema og kafédialog, kjem fleire spanande føredrag før me avsluttar med inspirasjonsføredrag av bonde og roar Olav Tufte. Han sender forhåpentlegvis alle deltakarar inspirerte ut av dagen. 

 Godt samarbeid 

– Dette er ein konferanse som skal gå på omgang mellom kommunane på Hauglandet og kvar gong blir stafettpinnen sendt vidare. I år samarbeider Vindafjord med Etne kommune før me sender stafettpinnen vidare til Etne til neste år. Då skal dei stå som hovudarrangør og tar med seg ein ny kommune. Våre bankar er og opptekne av landbruket og ser kor viktige slike konferansar er. Årets konferanse er difor også i samarbeid med både Haugesund Sparebank og Sparebank 1 SR-Bank, fortel Sandvik. 

Velkommen til fagdag innan landbruk Stolt bonde, med tru på framtida

Program

09.00 Velkommen 

Ved ordførar Ole Johan Vierdal og konferansier Tor Øyvind Skeiseid

• Forsvarets forskingsinstitutt, Jan Ivar Botnan, Matberedskap

Landbrukspolitikk 

Ny nasjonal politikk opp mot mogelegheitsrom for landbruket

  • Landbruks- og matminister Sandra Borch
  • Bonde og småbrukarlaget ved Tor Jakob Solberg 
  • Norges Bondelag ved Bjørn Gimming 
  • Paneldebatt

11.40-12.25 Lunsj

Klimasmart landbruk, smart lokalmat og teknologi

  • Bionova - Programansvarleg Innovasjon Norge, Olve Sæhlie 
  • Biovind (Biobonden) 
  • Klimasmart landbruk – med blant anna bærekraftdirektør Cecilie Hultmann i Nortura

14.05-14.30 Beinstrekk

Inspirasjon

  • Utdeling av Haugesund Sparebank sin berekraftspris 
  • Inspirerande bonde – derfor har eg tru på næringa!

Olav Tufte 

Vel heim! 

Ved ordførarane

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden