– Eg vil gjerne skape noko

For Hilde Sandbekken (53) handlar det aller mest om å skape gode møtestadar og attraktive arbeidsplassar. Kremmar vil ho derimot ikkje kalle seg sjølv.

Hilde Sandbekken (53)

  • Aktuell: Driv interiørbutikken og kafeen Frøken Fryd i Isvik i Skjold.
  • Les: Eg les Grannar og Haugesunds Avis i papirutgåve, ein del nyhende på nett, og ei god lettlest bok når eg skal slappe av. Sist lest er «Etter deg» av Jojo Moyes.
  • Høyrer på: Eg høyrer som oftast på radio på jobb, og spotifylistene mine når eg går tur eller berre vil ha god musikk rundt meg.
  • Førebilete: Mamma og svigermor. Begge tøffe og sterke damer som var yrkesaktive. Dei var og veldig flinke med handarbeid og mat.
Denne dagen har Hilde Sandbekken sett seg ved eit av sine eigne kafébord hjå Frøken Fryd i Isvik. Her sit ho med ein full kaffikopp og ei avis slått opp framfor seg. Ho er kledd i svart bukse og t-skjorte, berre nokre sjøgrøne armband set farge på antrekket.

– Det er jo litt rart at eg som er så glad i fargar aller helst går i svarte klede. Akkurat her i butikken er det ganske lyst og lett, men eg er eigentleg veldig glad i desse sterke fargane. Dei gjer noko med meg.

– Veit du forresten at dette tapetet er det same som det Else Kåss Furuseth har heime? Det er kjempefint, men det var ein dyr vegg, seier Hilde og tar på tapetet som er full av sommarfuglar, roser og gamle bilete.

Mange er innom i Isvik for å kjøpe gåver.

Kafeen og interiørbutikken Frøken Fryd er ingen fargelaus stad. Utekaféen har grøne møblar og endelaust med rike blomekassar. Inne er det rett nok lyse veggar, men i hyllene ligg fargerike garnnøste, freistande matgåver og pyntegjenstandar i nordisk stil, alt pakka inn i ein romantisk atmosfære. Her skal kundane både nyte kaffi og mat, men og kunne kjøpe med seg gåver og helsingar. Interiørbutikken går heilt tilbake til 2008, og i 2012 flytta dei over i meir synlege lokale ved vegen og kafédrifta starta opp.

– Målet mitt har alltid vore å skape ein møteplass for folk, og ikkje minst ein god arbeidsplass. Me har alltid vore minst to på jobb her, i tillegg til tre damer som jobbar saman med meg så har me mange ungdommar og kjekke vikarar innom i løpet av året.

– Eg er ikkje nødvendigvis ein kremmar, men det er kjekt at det går rundt. Eg blir ikkje rik på å drive kafé i Isvik, men eg trur dette er viktig, seier ho og kikkar seg rundt.

Nokre veninner set seg ned ved eit kafébord, ved eit anna sit ein stamkunde som skryt uhemma av lunsjen som er blitt servert. Ute sit ein gjeng som tydelegvis løyser verdsproblema over kaffikoppen, noko dei sikkert og gjorde i går.

– Må du vere glad i folk for å jobbe på ein slik plass?

– Det må du, men eg kan nyte å vere åleine og eg. Eg må ikkje stå i kassa heile dagen, det er nok på kjøkkenet eg styrer mest.

Og det ho styrer med på kjøkkenet har ord på seg for å vere både freistande og smaksrikt. Hilde endrar ikkje menyen så ofte, og det med god grunn. Tapas-kveldane er populære, det er også komle-torsdag eller smørbrød og salatar til lunsj.

– Det kom ein kunde her som hadde reist ganske langt for å ete det ho kalla «verdas beste pastasalat». Eg tar jo ikkje den av menyen då, seier Hilde og ler.

I dag er det heldigvis ikkje kvardagskost at ho sit åleine i kafeen. Det har ikkje alltid vore slik. Koronaåra som Hilde legg bak seg i kafeen har vore tøffe, og kanskje har kundane og gjestene endra seg litt etter at alt opna opp igjen.

– Eg veit ikkje, men eg trur det. Det er færre som går på kafé no enn det var før koronaen. Det er akkurat som om me har fått oss nye vanar på eit vis.

12. mars 2020 kom som eit sjokk på Hilde. Noreg stengte ned, og dermed måtte ho permittere alle tilsette forutan seg sjølv.

– Eg hadde mange arbeidsdagar her åleine. Det var ingen andre her, berre eg som lurte på korleis ein kunne løyse dette.

Ho rettar litt på vasen med dei tørka stråa som står bordet. Koronaen førte og til at ein måtte tenkje nytt og kreativt om korleis kafeen kunne drivast når kundane ikkje fekk kome inn.

– Mange var flinke til å støtte oss i den tida og. Eg sette opp ein vipps-butikk ute her der folk kunne hente varer, og me køyrde ut til dei som bestilte mat eller gåver. Eg sprang som ei rotte hugsar eg for å få ut alt, ein kveld hadde eg 200 leveringar med Tapas-mat. Etter kvart fekk me og på plass ei ordning der kundane blei slusa gjennom butikken slik at dei unngjekk kontakt.

– Det var heilt surrealistisk, og aller mest vondt hadde eg av dei som eg hadde permittert. Men noko godt kom det faktisk ut av denne tida og, me slutta med søndagsmiddag fordi me såg at det kunne vere godt med ein dag fri faktisk. Det er mange som etterlyser den endå, men den trur eg ikkje me tek opp igjen.

Interiøret og gåvene er stilt ut i kafeen.

Hilde er oppvaksen i Hervik i Tysvær som yngst av fire søsken. Den kreative interessa viste seg tidleg gjennom gleda ho hadde av å teikne. Ho blei tidleg mor, men då ungane vart store heiv Hilde seg på vidaregåande og lærarstudiet.

– Eg er ein halvstudert formingslærar, seier ho og smiler.

– Sidan eg var så godt vaksen då eg tok opp igjen skulen så kunne eg jo vore mor til dei andre eg studerte saman med. På vidaregåande gjekk eg på same linje som dotter mi. Men eg likte det.
Ung mor betyr og at ho no er blitt ei ung bestemor. Ei bestemor som etter kvart ser at ho treng meir tid saman med barnebarna.

– Eg treng nok litt meir fri no ja, i år har eg hatt fire veker ferie for aller første gong. Det gjorde godt. Me har kjøpt oss hytte i Skånevik, og det var perfekt. Me må reise vekk for å ha ferie, elles blir det for lett for meg å springe ned her for å jobbe litt.

Skal ho kople av spring ho til fjells eller grev i hagen. Strikke blir fort for kjedeleg for den energiske 53-åringen.

– Vegen blir fort til medan me går. Kanskje er me i ei brytningstid no når alle prisar aukar og mønsteret til gjestene har endra seg. Men eg har tru på at me kan få det til her. Eg ser jo kor viktige sosiale medium er for at folk skal finne meg.

Ho håpar sjølv ho er ein romsleg sjef, og ser på seg sjølv som både litt uredd og litt engsteleg. Mannen Bent Kvamme skifta nyleg jobb etter 26 år i same bedrift.

– Det er noko av det eg ikkje trur eg hadde klart. Han berre kastar seg ut i det, der er ikkje eg.

Mannen Bent er til god støtte, og var og med på å få drifta til å gå rundt i den tøffe korona-tida. Hilde set elles pris på å vere ein del av nettverket Kjerringvirke, som er ein avleggar av eit Innovasjon Norge-prosjekt, der kvinner som driv næring samlast for å dele erfaringar og sparre med kvarandre.

– Eg er ikkje den som spring alle stadar der ein kan knyte nettverk. Men NæringsGiv på Olalia har eg sansen for, eg likar betre dei stadane der folk går med våte ullsokkar enn med dress. Det er meir på mitt nivå.



Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden