Gründerpraten

Byggjer berekraftig bedriftskultur

– Kor mange kundar har de nå? 

– 3106, trur eg.

Det seier Torleiv Åreskjold (50), leiar for sal og marknad i Infoskjermen. 

Han sit på kontoret i Medvind-bygget og snakkar om vekst, utan den klamt forkynnande startup-sjargongen som ofte følgjer med. Saman med resten av leiargruppa og medgründarane Andreas Høyland (40) og Leif Thorsen (40), er målet å byggja selskapet skjerm for skjerm. 

– Jamn vekst er tryggleik for neste steg. Mange små kundar spreier risikoen, seier Åreskjold.

Borrelås og plastlomme

Den jordnære vekststrategien er, overraskande nok, inspirert av amerikansk oppstartslitteratur. Men først skal me tilbake til start. For det byrja, som så mykje anna, på Lundeneset VGS i Ølensvåg. Borrelås og ei plastlomme var opphavet til ein millionidé. 

– Me hadde ei borrelås på ei dør med namn på kven som var tilsynsvakt den dagen. Skjemaet for vekesmenyen i kantina var i ei plastlomme i matsalen, fortel Åreskjold, som var studie- og administrasjonsleiar på Lundeneset. 

Gründertips

  • Me snakkar med gründerar og bedriftsleiarar om kva som trengs for å satse på bedriftsdraumen. Kvifor valde dei å satse på eiga bedrift, og kva råd har dei til den som går med ein gründerdraum i magen?
  • I dag: Infoskjermen med kontor blant anna i Ølensvåg.  
  • Lurer du på om du vil starte eiga bedrift? Ta gjerne kontakt med Medvind24 Næringshage, som kan tilby gratis førstelinjeteneste på vegne av Vindafjord og Etne kommune.
  • Les meir om dette her!


Skjermen i matsalen

Kunne dette effektiviserast? Dei fekk tilsynsvaktordninga og middagen ut på nettsida. 

– Då printa kokka ut menyen og hengte opp i matsalen, seier Åreskjold. 

– Og så kom idéen om at me kunne ha ein skjerm på veg inn i matsalen, som viste ei side frå nettsida i fullskjerm, og dermed alltid var oppdatert. 

Kanskje fleire kunne trenga denne måten å dela informasjon på? Høyland, Thorsen og Åreskjold fann saman og starta utviklinga. Ved lanseringa i 2010, hadde dei allereie fleire kundar som hadde registrert seg i beta-perioden. Ideen var skalerbar. Nå er kundane blant anna skular, rådhus, sjukeheimar, friviljugsektoren og bedrifter der tilsette ikkje sit ved pc heile dagane.

Spreidd satellitt-team

Er det hektisk? Joda, men i Infoskjermen herskar fridom, fleksibilitet og ideen om at overtid er oppskrytt. 

– Me er nok tryggleikssøkande. Det speglar korleis me har organisert oss, seier Åreskjold. 

Teamet arbeider i Ølensvåg, Tonstad, Jerusalem, Larvik, Alingsås, Kvernevik, Aarhus og Trondheim. Alle kan bu og jobba der dei vil. Arbeidsdagen er omtrent møtefri. Teamet treffest fysisk nokre gonger i året, og bruker elles Slack som kaffiautomat og Basecamp til prosjektstyring. 

Inspirasjon frå USA

Det treng altså ikkje vera spinnvilt på arbeid. Gründarane meiner normal arbeidstid med 37,5-timarsveker er nok til å gjera ein god jobb. Inspirasjonen kjem frå det amerikanske programvareselskapet 37 Signals og boka «It doesn’t have to be crazy at work» (2018) av gründarane Jason Fried og David Heinemeier Hansson.

– Skal du byggja selskap, bør det vera berekraftig å jobba 37,5 timar på det jamne. Skal du gå fjelltur, kan du ikkje byrja med å sprinta 60-meteren og tru at du kan fortsetja i same farten, seier Åreskjold. 

– Du må tilpassa ambisjonar etter kapasitet og kva du trur du kan få til, supplerer han. 

– Korleis har skulebakgrunnen dykkar påverka måten de byggjer selskapet på?

– Det er få albogar hjå oss. Me har ein hjelpa kvarandre-haldning. Me gjer ting i lag og prøver å fri til det jordnære. Og så er det pedagogikken med eit enkelt språk, seier Åreskjold. 

Det er viktig i tilnærming til kundane. Infoskjermen fokuserer meir på brukaren enn på innkjøpsavdelinga. 

Motiverte av gode løysingar

Det har fungert. Infoskjermen blei gasellebedrift i 2016 og 2017. Åreskjold kallar det «kult, men ikkje noko mål». 

– Motivasjonen er ikkje vekst i seg sjølv. Me gjer det me har lyst til, ikkje fordi me har eit mål som er sånn eller sånn hårete. Det er mykje motivasjon i å laga ei løysing som folk likar, har bruk for og du opplever at er til hjelp for folk. At nye kundar har valt deg, seier Åreskjold. 

– Blir de rike? 

– Den kom brått på! ler Åreskjold. 

– Me er nøgde med økonomien i selskapet, men har lite fokus på det, seier han. 

Fokuset er nemleg på å vidareutvikla løysinga, pleia kundeforhold, og halda fram med å skapa givande arbeidsplassar. Skjerm for skjerm. 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden