Gründerpraten

–Bruk nettverket ditt

– Eg trur kommunikasjon er veldig viktig når du skal starte opp eiga bedrift. Våg å stille spørsmål, og bruk nettverket du har rundt deg, seier Marit Bråstein Bakkedal i Ølen Regnskap.

Ølen Regnskap AS vart stifta i 2012 og kan dermed feire 10-årsjubileum i år. Marit har vore med gjennom heile reisa, og veit mykje om kva som trengs for å etablere ei bedrift. Ho har klåre råd til den som går med ein gründerdraum i magen. Ølen Regnskap er målbedrift i Medvind24 Næringshage og Marit har tru på å nytte dei gode kreftene som er rundt det lokale næringslivet. 

Gründertips

  • Me snakkar med gründerar og bedriftsleiarar om kva som trengs for å satse på bedriftsdraumen. Kvifor valde dei å satse på eiga bedrift, og kva råd har dei til den som går med ein gründerdraum i magen? I dag : Marit Bråstein Bakkedal i Ølen Regnskap.
  • Lurer du på om du vil starte eiga bedrift? Ta gjerne kontakt med Medvind24 Næringshage som kan tilby gratis førstelinjeteneste på vegne av Vindafjord og Etne kommune.
  • Les meir om dette her!
– Bruk litt tid på å setje deg inn i korleis ein startar bedrift, og kva som trengs. Bruk dei du har rundt deg, om det er rekneskapsføraren din, næringshagen, banken eller andre, og spør dei til råds. Du sparer mykje tid og krefter viss du gjer ein skikkeleg jobb i starten, og ikkje minst finn du ut om ideen din er liv laga. 


– Det betyr ikkje nødvendigvis at du må ha heile finansieringa i boks, men det er mange som hiv seg ut i det litt vel fort, seier Marit som sjølv ikkje har angra på at ho valde å bli gründer i rekneskapsbransjen. 

– Eg har ikkje angra, men eg ser at eg har jobba mange timar gjennom åra. No når eg er blitt bestemor har eg kanskje lyst på litt meir fritid, og kanskje må me få inn fleire folk, fortel ho som kan sjå tilbake på 25 å i bransjen.

Treng ikkje bli store 

Rekneskapsfirmaet i Ølen har sitt utspring frå Halvorsen Rekneskap AS og ReNett AS, Marit var ein av dei som hadde lyst til å starte opp eit lokalt selskap som kunne sikre arbeidsplassane vidare då tida i ReNett var over. 

– Me satsa alle saman, og har aldri angra på det. Me klarte å etablere oss og halde på dei lokale arbeidsplassane, i tillegg til at me har vokse litt gjennom åra. Eg fekk spørsmål om eg kunne tenkje meg å bli dagleg leiar sidan eg hadde vore med lengst, det er ei rolle eg trivst godt i. 

I 2020 slo selskapet seg saman med Arne Risøy Rekneskap, og i dag tel Ølen Regnskap 10 tilsette. 

– Det er ikkje noko kjempeønske om å bli så mykje større. Me vil gjerne ha god oversikt over kundane våre og kven som jobbar med kva. Har ein for mange kundar kjem ein heller ikkje så tett på dei. Me ynskjer å vere ein god sparring-partnar for bedriftene, og forstå kva dei treng for å oppnå vekst. 

Heldige med økonomien

Marit meiner dei var heldige som hadde økonomien i botnen då dei starta opp Ølen Regnskap. 

– Me hadde kundeportefolie og det me hadde behov for på kontoret av møblar og datamaskiner fekk me til ein rimeleg inngangspris. Skulle ein investert alt så hadde det vore ein heilt anna situasjon, eg hadde nok ikkje vore så redd for den investeringa i dag, men den gongen kan det hende eg hadde tenkt meg om to gonger før eg satsa, fortel ho.  

I dag er ho dagleg leiar i ei bedrift som stadig er i rivande utvikling. Å vere rekneskapsførar handlar i dag mindre om «punching» av bilag, og stadig meir av å vere ein god rådgjevar for bedrifter i alle fasar. 

– Den digitale utviklinga går så fort, det er stadig nye program som kan løyse utfordringane. Me må vere med bedriftene i denne utviklinga, og vite kva dei treng for å få god nok oversikt. Det betyr og at me må våge å stille vanskelege spørsmål, og gjerne gi råd om ganske vanskelege avgjersler. Me jobbar ikkje berre med rekneskap og tal, me jobbar med heile økonomien i eit større perspektiv og kjem tett på kundane våre, meiner Marit.






Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden