Bli ein del av naturen

No kan du gå i eitt med naturen ved å sponse trappetrinn opp langs Langfoss.

No kan du gå i eitt med naturen ved å sponse trappetrinn opp langs Langfoss. Foto: Espen Mills

Ein av verdas mest imponerande fossar får no ein oppgradert og tryggare tursti. No kan alle som vil sponse eit eller fleire av dei mange trappetrinna opp mot toppen. I tillegg kan du få inngravert namn på trinnet som er laga av stein.

 — Det er moglegheit for både privatpersonar og bedrifter til å bidra, seier John Karsten Hustveit frå Åkrafjorden Oppleving.

For å sponse går du på Åkrafjorden Oppleving sine nettsider, og legg inn kor mange trappetrinna du ønsker å bidra med. Prisen per trinn er i starten rabattert til 2.500 kroner, og 500 kroner ekstra for gravering. Om du ikkje ønsker namn på deg eller bedrifta di, kan du velje sjølv kva du ønsker skal stå. Her er det fantasien som set grenser.

Sherpaer frå Nepal

Sherpaer frå Nepal starta arbeidet med å legge trappetrinn i starten av september, gjennom Stibyggaren AS. Då starta dei arbeidet på rundt 350 m.o.h., då dette var den mest nedslitte delen av stien. 

Det vil i starten bli lagt 250 trinn, og totalen reknar Langfosstien venelag at vil ligge på 1700 trinn fordelt over 1070 meter. Graveringa på steinane vil være i elektrosert aluminium, som sørgjer for at namn og bodskap på steinane vil halde fram i lang tid.

Ta del i «Topp 10 fossen»

 Langfoss skal ifølgje CNN vere rangert som eit av verdas 10 flottaste fossefall, og den er dermed svært attraktiv for turistar. Langfosstien venelag trur og håpar at ein sti som dette kan sørgje for at enda fleire tek turen til ein av distriktets største attraksjonar.

 — Ein oppgradert sti vil gjera turen opp til eit av Noregs mest ikoniske og vakre fjellturar, og det er venta at fleire tusen norske og utanlandske naturentusiastar vil bruke stien årleg, skriv Åkrafjorden på nettsida deira.

Det omfattande prosjektet har ingen bestemt dato for ferdigstilling, men det er venta at alle trappetrinna vil vere plass i løpet av tre til fire år. 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden