Årets gründer: Norsk Maskinformidling

Maskinentusiastane i Norsk Maskinformidling (NMF) fekk gründer-prisen på NæringsGiv.

F.v: Nils Einar Steinstø i Fikse Nærinsgutvikling, Wenche Thorson i Etne Spareabank, Kristoffer Kaldheim Bjelland i NMF, Lars Olav Larsen frå Haugesund Sparebank, Aleksander Stople i NMF. Foto: Økland Foto.  

- Me styrer etter nokre enkle ting: Stå opp, stå på, og gå framover med utvikling. Det skal me fortsetja med, sa gründer Aleksander Stople som tok i mot prisen med medgründer Kristoffer Kaldheim Bjelland. 

Det er Fikse Næringsforening som gir ut prisen i samarbeid med Etne Sparebank, Sparebank 1 SR-Bank, Haugesund Sparebank og Grannar. 

I juryen si grunngjeving  heiter det: 

Når dyktige folk med eit hjarte for faget sitt vil byggja noko lokalt,  blir det ofte suksess. 

Legg til ein dose hardt arbeid og godt humør, og me finn årets grunder. 

Bedrifta har på kort tid tatt ei svært synleg og sentral rolle i næringslivet lokalt, og har etablert seg som ein solid aktør i sin bransje, regionalt og nasjonalt.

Med god fagkunnskap i botn, grundig bransjeinnsikt og eit solid mannskap har bedrifta vakse frå første år. Årets gründer meiner at miljøet blant mange vellukka gründarar lokalt, har motivert dei til å satsa på eiga hand. 

Og nå er dei sjølv blitt eit slikt førebilde.  

I tillegg kan årets grunder også få æra for ein av dei aller største attraksjonane lang E134 i Vindafjord. Bedrifta tiltrekk seg merksemd frå alle som fer forbi, og særleg frå dei med eit engasjement for landbruk og maskiner. 

Prisen for årets gründer går til ei bedrift tufta på fagkunnskap, engasjement, full rulle og topp stemning. 

Årets gründer er Norsk maskinformidling. 

Siste saker fra Medvind

Ledige stillinger

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden