AdmMit med ambisjonar

Det kokar godt hos AdmMit om dagen. Med ny dagleg leiar, fleire nye tilsette og ambisjonar om sterk vekst står Vindafjord-selskapet midt i ei spennande satsing.

Publisert: 24. juni 2025

Frå kontora i Sandeid, Bergen og Ål blir både teknologien og styringssystemet utvikla vidare – med mål om å levere endå betre løysingar til kundane. 

– Me har store ambisjonar, og det kjekkaste er om me kan nå måla våre medan me har det kjekt, seier dagleg leiar, Gunnar B. Gunnarsson.