Åkrafjorden Oppleving overtar Rullestad Camping

– Campingplassen ligg som den naturlege inngangsporten til Åkrafjorden, og vil difor vera eit framifrå utgangspunkt for alle som vil utforska Åkrafjorden og alle opplevingar me har å tilby her, seier John Karsten Hustveit, leiar i Åkrafjorden Oppleving.

På bildet f.v.: Per Rullestad (grunneigar), John Karsten Hustveit (Åkrafjorden Oppleving AS), Tor Petter Stensland (Odda Holding AS), Nina Kaltwasser og Robert Melkeraaen (begge i Åkrafjorden Oppleving).

Måndag 5.mai overtok reiselivsselskapet drifta av campingplassen etter Halvfjordingen AS, eigd av Odda Holding AS og Astoria Vest AS.  “Nye” Camp Åkrafjorden blir dermed det siste tilskotet i Åkrafjorden Oppleving sitt allereie mangfaldige reiselivstilbod. 

Campingplassen like ved Rullestadvatnet, ligg tett på mange viktige destinasjonar for opplevingsturismen i Åkrafjorden, og har i dag seks hytter, to brakker og god plass til campingvogner og bubilar.

–  Nå vil me utvikla campingplassen steg for steg. I første omgang vil me innlemma campingplassen i den aktiviteten me har i dag, mellom anna som serveringsstad for cruise-turistane. Me vil også utvikla campingplassen som ein “basecamp” for informasjon, aktivitet og opplevingar i heile fjorden. Dette blir eit viktig supplement for å byggja Åkrafjorden vidare som reisemål og destinasjon, seier Hustveit.

Dei siste åra har campingen hovudsakleg vore nytta til overnatting i samband med kraftutbygginga på Rullestad. Dei avtroppande eigarane er særs glade for at  nye krefter vil gira opp att reiselivssatsinga. 

–  Me kjøpte plassen utifrå eit behov for overnattingskapasitet og ein plass å setja opp brakker, og har difor ikkje drive campingplassen aktivt som eit turistanlegg. Men dette er ein flott plass, med alle moglegheiter, og det fortener nokon som kan drifta det med turisme og oppleving som føremål. Difor er me utruleg glade for at det er Åkrafjorden Oppleving som overtar stafettpinnen her, seier Tor Petter Stensland i Odda Holding AS.

Nina Kaltwasser og Robert Melkeraaen er begge medeigarar og styremedlemmer i Åkrafjorden Oppleving, og seier at overtakinga er ei investering for framtida -  både for den noverande reiselivsaktiviteten, men også for framtidige generasjonar. 

–  Me har eit mål om å byggja dette opp som campingplass, overnattingsstad, serveringsstad, og lokalt samlingspunkt for dei som bur i området. Det i seg sjølv blir ein styrke for Åkrafjorden Oppleving, men me håpar også dette vil vera med på å skapa arbeidsplassar for dei i neste generasjon som kan sjå for seg å jobba med reiseliv i framtida. Slik trur me dette vil skapa betydelege ringverknadar for både turistar og fastbuande, seier Kaltwasser.

Overtakinga og reiselivssatsinga på campingplassen kjem samstundes som Rullestad opplever ein ny giv, fortel Melkeraaen. 

–  Det er fleire barnefamiliar som er på flyttefot til Rullestad nå. Me som driv reiseliv i Åkrafjorden må også etter kvart tenkja på kven som skal ta dette vidare når me ein gong gir oss. Ei lokal forankring er viktig for å lukkast med dette. Dei siste eigarane har vore utanbygdes, og nå vil me prøva å ta plassen «heim att» for å sikra ei slik verdiskapinga for framtida, seier Melkeraaen.



Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden