Åkrafjorden Oppleving med nytt konsept

Autentisk lokalmat og fjordkultur står i fokus når Åkrafjorden Oppleving lanserer sitt nye opplevingskonsept denne sommaren. Kvar torsdag i august skal Langfoss-båten og Åkrafjorden vera ramme for ei (mat)oppleving utanom det vanlege.

Publisert: 4. august 2026

         Målet vårt er å gi gjestene ei eineståande oppleving,  samstundes som me hyller alle våre fantastiske produsentar av lokal mat og drikke gjennom ein unik meny,  sier John Karsten Hustveit i Åkrafjorden Oppleving, som står bak konseptet.

Food & Fjord er namnet på den siste nyvinning frå reiselivsaktøren. Kvar torsdag i august vil MS Langfoss ta gjester med på eit tretimars kulinarisk fjordcruise.

         Dette vil vera ein stor og samansett opplevingspakke, med noko av det beste me har å tilby av fjordkultur og landskap, mat og drikke - alt med eit historisk tilsnitt, seier Hustveit i pressemeldingen.

Konseptet inneber fjordcruise i Åkrafjorden, med sightseeing og rekkje matopplevingar undervegs. Gjestene får servert autentiske, lokale smakar basert på tradisjonsrik handverksmat, og eit ekte vikingmåltid tilberedt under open himmel og over bål. Under båtreisa vil ein få historier frå fleire stader langs fjorden, ein stopp ved Langfoss, og servering av  det «magiske» fossevatnet – direkte frå kjelda.

Skakke Røykeri har stått i bresjen for utviklinga av menyen.

         Roy Martin og Jurga i Skakke Røykeri har spelt ei nøkkelrolle i  utviklinga av matopplevinga. Skakke sitt fokus og kjennskap til lokale råvarer, mattradisjonar og dei «ekte» smakane, har vore avgjerande for den unike matreisa me vil tilby om bord. Dei kombinerer lokalt og tradisjonelt med nye vriar, og har utvikla ein meny utanom det vanlege for akkurat dette konseptet,  seier Hustveit.  

For å sikra ei komplett smaksoppleving, har Skakke også bidrege til å skreddarsy eigen drikkemeny for å løfta smaksbilete ytterlegare.  Drikkemenyen består av nøye utvalde sider-smakar frå dyktige produsentar i Hardanger

         Me har gjort eit godt forarbeid,  og hadde visningstur for ei utvald gruppe i mai. Responsen var kjempegod, og tilbakemeldingane viser at dette vil vera eit godt alternativ for ei brei målgruppe; turistar, private personar, så vel som bedrifter, seier Hustveit.

Konseptet blir lansert og opna for booking på nettsidene til Åkrafjorden Oppleving i løpet av juni månad.

Foto: Hanna Maria van Zijp, Omega 365 Design.

Les meir og bestill billettar her.