– Unikt næringsliv i Etne og Vindafjord

– Næringslivet her er kjemperikt og framoverlent, men rekruttering er ei stor utfordring, seier ny dagleg leiar i Fikse Næringsforening, Stian Skarheim Magelssen (32).

I vår flytta Magelssen og familien frå Oslo til Etne, og dermed skifta han sjølv beite frå jobben som politisk rådgjevar i Norges Lastebileier-Forbund til jobben som dagleg leiar i næringsforeningen for Etne og Vindafjord. Jobben passar perfekt, fortel han. 

– Det er vilt kor godt det går med næringslivet her. Etne og Vindafjord har fantastisk natur, rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår. Ein kunne jo tenkje seg at alle har lyst til å flytte til bygda her, me må berre finne ein måte å tiltrekke oss dei, seier Magelssen. 

– Eg har inntrykk av at bedriftene langs den populære «gullstripa» er flinke til å bruke kvarandre, og heie kvarandre fram. Det gjer at ein stadig blir flinkare, seier han.  

I oppstarten på den nye jobben er det viktig for Magelssen å reise rundt for å besøkje bedriftene. Det er berre dei som veit kor skoen eigentleg trykkjer, og kva utfordringar dei står midt oppi, meiner han. 

– Eg har ikkje besøkt så mange bedrifter endå, men vore over ein god del. Det er ulike problemstillingar og utfordringar som dukkar opp, sjølvsagt, men rekruttering og kompetanse går igjen over alt. Utviklinga kan stoppe opp når ein ikkje får tak i rette folk, her trengs det eit felles arbeid som både kommunar og næringslivet må bidra på, trur Magelssen. 

– Det er imponerande korleis næringslivet her lokalt tenkjer. Dei grev seg ikkje ned når det dukkar opp utfordringar, dei tenkjer berre «korleis skal me løyse dette?». 

Bustad og kompetanse

Det første som må på plass for å sikre rekruttering er bustadar, meiner Magelssen. 

– Då ein først har fått jobben må ein ha ein plass å bu. Bustadprisane er lågare her, men det er ikkje så enkelt å flytte sidan det er så få bustadar. Me må ha nye hus som folk kan flytte inn i. Det held ikkje berre med tomter når ein har tre månadar med oppseiing før ein skal starte i ny jobb. Det tar tid å bygge hus. Me må få på plass ein bustadmarknad som er attraktiv for dei unge, seier han. 

Sjølv flytta han frå ei leiligheit på 60 kvadrat til et stort hus som var halvannan million billigare. I tillegg til bustad er Magelssen oppteken av korleis ein kan få tak i rett kompetanse, og ikkje minst utvikle den kompetansen bedriftene allereie sit på.

– Mange av bedriftene er gode på lærlingar, som dei gjerne hentar inn frå både Haugesund, Bergen og Stavanger. Dei får ein forsmak på korleis det er å jobbe i bedrifta, utan at ein forpliktar seg til fast jobb, seier Magelssen. 

– Bedriftene er veldig fleksible, og seier ofte dei har opne dører om dei ikkje har ute stillingar nett no. Det er likevel mogleg å få jobb om ein bankar på døra. Eg ynskjer at me som næringsforeining kan vere ein synleg aktør her, reise rundt på messer og møte folk som gjer at terskelen blir lågare for å ta kontakt seinare, seier Magelssen.  

Naturleg flyttelass

Karrieren til Magelssen har i stor grad handla om politisk rådgjeving og frivillig arbeid. Etter tida i Bergen vart det miljø- og utviklingsstudiar på Norges miljø- og biovitskaplege universitet NMBU på Ås, og gjennom studietida vart det fleire verv som tillitsvald i ulike organisasjonar. Han har vore styremedlem i Studentenes og Akademikernes internasjonale hjelpefond, i tillegg til rådgjevar for internasjonale arbeidsområde i Norsk studentorganisasjon samt politisk rådgjevar for Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar for å nemne noko. Jobben som politisk rådgjevar i Norges Lastebileier-Forbund minner meir om den jobben Magelssen har fått i Fikse Næringsforening.  

– Det handlar om mykje av det same som i Fikse-jobben. Ein skal legge grunnlaget for gode vilkår for heile næringslivet og sørge for at dei som jobbar ute i bedriftene har så gode rammevilkår som mogleg, seier Magelssen. 

Det var under studietida med samanliknande politikk i Bergen mannen frå Oppegård i Nordre Follo møtte Mari Klokkerstuen Kjellesvik frå Etne. Kjellesvik jobbar i Omega 365 og kunne lett ta med seg jobben over fjellet då det opna seg moglegheit for Fikse-jobb. Dermed vart flyttelasset over Haukeli ganske naturleg.

– Me er glad i å bu tett på naturen, og den nye kvardagen er rolegare trass i at aktivitetsnivået her er like stort som i byn, seier han. 

– Me hadde som mål at me skulle flytte til Etne før dotter vår skulle starte på skulen. Ingen av oss er særleg glad i bylivet, så då vart valet enkelt. 

Region med mangfald

Magelssen kan ikkje skryte nok av mottakinga han har fått i Etne. Han er meir enn klar for å jobbe tett med små og mellomstore bedrifter, samt dei store konserna som og ligg som perler på ei snor i regionen. 

– Eg likar meg godt i samfunnet her, og Etnebygda har mykje å by. Den første veka me budde her åt me ute fire gonger trur eg. Det er eit mangfald av aktivitetar og tilbod, og langt på veg dei same goda som ein har i byen, seier han. 

Fikse Næringsforening har vore gjennom nokre tøffe tak dei siste åra. Etter at tidlegare leiar Nils Einar Steinstø døydde i fjor haust, styrte styreleiar Anette Lauareid Hovda selskapet fram til Magelssen tok over i vår. 

– Dette er ei trist forhistorie, og ein merkar jo sjølvsagt at ein ikkje har hatt inne ein dagleg leiar i hundre prosent. Men Hovda har gjort ein kjempejobb, og er ei solid støtte for meg no og, seier Magelssen. 

Lobby-verksemd og jakt

Han ser fram til Næringsgiv på Olalia 22. mai, og meiner konferansen til fjells er unik og gir rom for heilt andre samtalar enn ein gjerne har med dress og finsko på. Som leiar i ei næringsforeining, er Magelssen klar på at dei skal vere ei politisk røyst for næringslivet og kan påverke direkte, i tett samarbeid med Medvind24 Næringshage, som tilrettelegg for næringslivet. Det manglar ikkje på arbeidsoppgåver framover, men sjølv om arbeidskvardagen kan bli hektisk, er det alltid rom for avkopling og fritidsinteresser. 

– For eit par år sidan fekk eg jegerprøven som bursdagsgåve frå sambuaren. Det passar perfekt no, eg er glad i både jakt og fiske, og her er det fantastiske forhold for begge deler. 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden