
Jan Roger Mo og Oddvar Østvold står bak Kystkraft Elektro AS som for alvor har tatt sats inn i elektromarknaden i 2026. I oktober får dei to nye kollegaer med på laget.
– Det har vore ein bratt start, men på ein god måte: travelt, med mykje jobb og mange nye kundar, seier dagleg leiar Jan Roger Mo.
Bak veksten ligg det mykje arbeid, også utanom den vanlege arbeidsdagen.
– På dagtid er me ute hos kundane, medan kontorarbeidet ofte må takast før ungane vaknar eller etter at dei har lagt seg. Det har også blitt ein del helgearbeid. Det krev mykje å byggja opp ei bedrift frå grunnen av, seier Mo.
Saman med medgründar og elektroinstallatør Oddvar Østvold står han bak Kystkraft Elektro AS som for alvor har tatt sats inn i elektromarknaden i 2026.
Marknadsføringsbudsjett: kr 0,-
Kystkraft starta eigentleg som ein ekstrajobb for to elektrikarar. Østvold jobba offshore, medan Mo hadde eitt år offshore bak seg før han valde å arbeida på land på fulltid. Mo har lang erfaring frå elektrobransjen, mellom anna frå bustad, næring, industri og landbruk. Ved sida av jobbane sine tok dei på seg elektrooppdrag gjennom selskapet Østvold AS. Så balla det på seg, og det var ikkje lenge før telefonen gjekk varm.
– Det blei stadig fleire førespurnadar. Såpass mange at det kom til eit punkt der me anten måtte satsa eller avvikla. Me valde å satsa, seier Østvold.
I februar blei selskapet omdøypt til Kystkraft, og elektrikarane gav gass. Det viste seg å vera ei god tid å satsa.
– Me har brukt ca null kroner i marknadsføring, det har ganske enkelt ikkje vore behov for det. Me hadde eit godt nettverk i botnen, og då me valde å satsa hjelpte ryktebørsen godt på, seier Mo.
Det var ikkje stort meir som skulle til. Oppdraga kom fort, og har blitt mange.
– Me har allereie mykje jobb innan landbruk og næringsliv, deriblant oppdrettsbransjen. Samstundes er det god aktivitet på hytter og hus også. Eigentleg har me mykje å gjera over heile fjøla. Me leverer til eit breitt spekter kundar over heile distriktet, og det ser ut som om aktiviteten vil halda seg framover også, seier Mo.
Verdas enklaste jobbsøknad
Per i dag består Kystkraft av Østvold og Mo, i tillegg til to deltidstilsette, begge i 40 prosent stilling. Kristian Matre er styreleiar. Østvold, Mo og Matre har ulik bakgrunn og erfaring, og utfyller kvarandre godt i arbeidet med å byggja opp drifta. Østvold og Mo kjenner kvarandre frå elektrolinja og har seinare jobba saman, medan Mo og Matre kjenner kvarandre frå tida i Westcon.
– Kristian og eg har kjent kvarandre lenge og har ofte snakka om å få til noko saman. Han jobbar ikkje i Kystkraft, men har anna jobb til dagleg. Som styreleiar har han vore ein viktig ressurs for oss på utviklingssida, seier Østvold.
Han tilskriv også Matre æra for det dei meiner er ein av dei mest effektive stillingsannonsane i elektrobransjen på lenge.
I mai dukka nemleg annonsa med «verdens enklaste jobbsøknad» opp på Kystkraft si Facebook-side: Ingen CV. Ingen lang søknadstekst. Berre nokre raske spørsmål.
– Søkarar måtte oppgi om dei hadde fagbrev, og utover det spurte me ikkje etter meir. Utanom kontaktinfo, då. Resten var valfritt. Me har god kjennskap til kva folk som jobbar i bransjen her i distriktet, og visste kva me var på jakt etter, så me trengte i grunnen ikkje så mykje meir info. Det kom inn mange gode søknadar der, seier Østvold.
Og det gav resultat. 1.oktober får Kystkraft to nye kollegaer på laget.
– Me ser fram til å få med oss fleire. Dette er dyktige folk som gjer ein skikkeleg jobb. Dei er sjølvgåande, med god fagkompetanse og erfaring. Det er det viktigaste for oss. Me skal ikkje berre tilsetja nye folk for å veksa. Me skal ha dei rette folka med oss, sørga for at me får levert godt arbeid og utvikla oss basert på dette, seier Mo.
Straumlinjeforma frå start
Kystkraft har også vore oppteken av å byggja opp ei enkel og effektiv drift.
– Me har kunna velja systema våre frå grunnen av. Me bruker mellom anna kunstig intelligens når me reknar på anbod, og kundane kan bestilla oss direkte på nettsida. Det gir raskare svar, mindre administrasjon og meir tid ute hos kundane, seier Østvold.
Vil utvikla nye fagfolk
Enkelt. Og skikkelig gjort. Mottoet lyser opp på toppen av nyprofilerte Kystkraftbilar.
– Det høyrest kanskje ut som ein klisjè, men for vår del er det viktigaste å gjera ein skikkeleg jobb, og ha me oss dyktige erfarne folk, som kan jobben sin og som ivaretar yrkesstoltheten, seier Østvold.
Med dobla mannskap, har Østvold og Mo planen klar for vidare utvikling.
– Nå går me for å bli lærebedrift. Me ønskjer å få inn ungdom som me kan vera med å utvikla til å bli gode fagfolk. Slik me i Kystkraft ønskjer at dei skal vera.