– Målet er å klore seg fast i marknaden

Vidar Miljeteig og Runar Mosdal står bak Elementbygg Vest som har kontor i Ølensvåg. Dei tilbyr skreddarsydde råbyggpakker med prefabrikkerte element i betong og stål til proff-marknaden.

Runar Mosdal (t.v) og Vidag Miljeteig er godt i gang med etableringa av Elementbygg. 

Vidar Miljeteig kjenner bransjen og kundane i distriktet godt. Både han og Runar Mosdal var tilsett på elementfabrikken i Sandeid før Hå Element la den ned for eit år sidan. I dag er fabrikken vidareført av Ølen Betong, men no er produksjonen meir retta mot samferdsle enn byggeprosjekt. 

– Me ynskjer å oppretthalde sal av prefabrikkerte produkt til byggebransjen i regionen. I stor grad er det proff-marknaden som er vår arena, sjølv om det dukkar opp ein privat kunde her og der, seier Miljeteig.

Handlar om nettverk

Han er i sitt rette element som seljar og dagleg leiar i Element Vest, telefonen ringer jamt og trutt, og Vidar veit kva som krevst for å få ei ny bedrift opp på beina. Det handlar heile tida om å seie ja, vere kreativ for å finne løysingar som får ned byggetid og byggekostnad, og ikkje minst våge å ta den siste telefonen som mange kvir seg for å ta. 

– Ein må nok vere litt uredd ja, og ikkje gi opp håpet. Mange gonger er det og tilfeldig kven du støyter på, eg var nettopp i kontakt med ein potensiell kunde der eg plutseleg oppdaga at ein eg gjekk på tømrarlinja med var prosjektleiar. Eg er nok skrudd på sal heile tida, uansett kor eg er. 

Han er og optimist med tanke på framtida.

– Det er absolutt ein marknad for dette, det handlar om god oppfølging og relasjonar med kundar. Det er den beste marknadsføringa me kan få. Målet er å klore seg fast i marknaden sjølv om prisane stig, og mange no vegrar seg mot å starte opp, seier Vidar. Han meiner[AH1]  det er viktig å ha tru på det ein driv med, og halde seg til strategien for å bygge ei bedrift. 

Marknaden svingar

Bedrifta Elementbygg Vest starta opp tidleg på hausten i fjor, men klarte likevel å kome ut av 2022 med ein omsetnad på 5,8 millionar og eit pluss-resultat på 296 000. 

– Målet var å klare å gå i null i resultatet for 2022, og det klarte me. No er eg spent på korleis dette året blir, me ser jo at prisane stig i samfunnet og at marknaden svingar. Det blir spanande å sjå kor mange prosjekt som blir realiserte, nett no har me godt med jobb i sommar. 

Til hausten er det derimot ganske stilt, noko som ikkje nødvendigvis uroar den daglege leiaren så mykje. 

– Eg trur nok jobbane kjem, men det vil krevje ein innsats ja. 

Stort nedslagsfelt

Medan Vidar er inne på kontor om dagane er Runar  ute i feltet som montasjeleder. Hovudmarknaden for bedrifta er frå Bergen til Kristiansand, med vekt på Haugalandet og Sunnhordland. Montasje av råbygg sel dei over heile landet, og nyleg var dei med på montering av datalagringssenter på Hamar. Bedrifta sel råbygg til blant anna koblingstasjonar, trafobygg, tekniske bygg, lagerhaller, næringsbygg og leilegheitsbygg. I tillegg til Runar har dei to tilsette montørar. 

– Me har samarbeid med fleire produsentar for levering av prefabrikkerte produkt. Eg har jo tru på at spesielt kraftbransjen vil vere i vekst framover, seier Vidar. 

Sjeldan fri

Som seljar er det viktig å vere seg sjølv, og alltid vere klar for å ta kontakt. 

– Eg var nett i Bergen eit par dagar og møtte ein potensiell kunde. Me fann jo tidleg ut at kjemien var heilt topp, og stemninga var god i møtet. Det gir ofte resultat, men ein må jo vere der ute då, og møte folk. Det er sjeldan eg tar fri i hovudet, seier Vidar og ler. 

– Og me seier jo aldri nei til ein jobb, det er alltid ja, uansett. 

Siste saker fra Medvind

Hva skjer i Medvind

Folk i vinden